Paternostersjø er eit vatn i ei rekkje av innsjøar med ei elv imellom. Denne typen vatn er danna ved erosjon frå isbre, og er vanlege i fjellområde som har vore dekte av is.

Paternostersjøar i Darwin Canyon i John Muir Wilderness i California.

Namnet kjem frå «Paternoster», det latinske namnet og byrjinga av bøna «Fader vår». Innsjøane har fått dette namnet fordi dei liknar ei bønnekjede.

Kjelder endre

  • Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Paternostersjøer, Store norske leksikon. Henta 21. november 2013.