Patrick Sang (fødd 11. april 1964) er ein kenyansk løpstrenar og tidlegare hinderløpar frå Nandi-fylket i det vestlege Kenya. Han vann sølvmedaljen på 3 000 meter hinder i VM 1991, Sommar-OL 1992 og VM 1993.

Patrick Sang
Statsborgarskap Kenya
Fødd 11. april 1964 (60 år)
Nandi fylke
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Sang sigra i 3 000 meter hinder under panafrika-leikane 1987 i Nairobi. Sommaren 1989 bidrog han mykje til at landsmannen Peter Koech sette verdsrekord i øvinga med 8.05,3 under eit stemne på Stockholm stadion, sjølv vart han andremann med 8.06,0 etter å ha drege mykje av løpet.

Etter rokes sprang Sang inn til sølvmedalje i 3 000 meter hinder i tre store internasjonale meisterskap. I verdsmeisterskapane 1991 i Tokyo og 1993 i Stuttgart hadde han lite å stille opp mot landsmannen Moses Kiptanui i innspurten. Sameleis var det i hinderløpet under dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992, der var det ein annan landsmann, Matthew Birir, som spurtslo Sang.

Sidan deltok ikkje Sang i noko meisterskapsløp. I 1997 forbetra han den personlege rekorden til 8.03,4 under eit stemne i Köln, i det same løpet som landsmannen Bernard Barmasai sette verdsrekord med 7.55,7.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 8.13,4, bakom Moses Kiptanui (8.12,5)
  • OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 8.09,5, bakom Matthew Birir (8.08,8)
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 8.07,5, bakom Moses Kiptanui (8.06,3)

Kjelder endre