Opna hovudmenyen

Paul John Buckmaster (fødd 1946) er ein Grammy-prisvinnande engelsk musikar, arrangør og låtskrivar.

Paul Buckmaster
Fødd13. juni 1946
FødestadLondon
Død7. november 2017
DødsstadLos Angeles
OpphavStorbritannia
SjangerCountry
Instrumentcello
Verka somkunstnar, komponist, dirigent, filmmusikkomponist
PrisarGrammy Award for Best Arrangement, Instrumental and Vocals

Han lærte å spele cello 4 år gammal og tok eksamen ved Royal College of Music då han var 16.[1]

Han er kanskje mest kjend for orkestersamarbeida med Elton John. Han har spelt mykje som cellist, men òg arbeida som arrangør på fleire hitsongar, mellom anna David Bowie sin «Space Oddity» (1969), og spelt med Miles DavisOn the Corner, der han òg gjorde arrangement.

På film har Buckmaster komponert musikken til Terry Gilliam-filmen 12 Monkeys (Universal, 1995), med Bruce Willis, Madeleine Stowe og Brad Pitt.

Buckmaster vann i 2002 Grammy-prisen for beste instrumentale arrangement med vokalist for «Drops of Jupiter (Tell Me)».[2]

Utvald diskografiEndra

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. «Paul Buckmaster: Biography». Allmusic. Henta 28. april 2011. 
  2. «Drops of Jupiter > Charts & Awards > GRAMMY Awards». Allmusic. Henta 28. april 2011.