Paul Erman
tysk fysikar
Paul Erman (29. februar 1764–11. oktober 1851) var ein tysk fysikar frå Berlin i Brandenburg. Han var sonen til historikaren Jean Pierre Erman (1735-1814), forfattar av Histoire des refugis.
Paul Erman | |
![]() | |
Fødd | 29. februar 1764 Berlin |
---|---|
Død | 11. oktober 1851 Berlin |
Nasjonalitet | Tyskland |
Yrke | fysikar, universitetslærar |
Institusjonar | Humboldt-Universität zu Berlin |
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin |
Barn | Georg Adolf Erman |
Medlem | Royal Society Det prøyssiske vitskapsakademiet Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina |
Erman underviste i vitskap på det franske gymnaset (Französisches Gymnasium Berlin) i Berlin og ved militærakademiet og då Unversitetet i Berlin vart grunnlagd vart han professor i fysikk. Han arbeidde hovudsakleg med elektrisitet og magnetisme, sjølv om han òg medverka til optikk og fysiologi.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Paul Erman» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.