Paul Heyse

tysk skribent
(Omdirigert frå Paul Johann Ludwig Heyse)

Paul Johann Ludwig von Heyse (fødd 15. mars 1830 i Berlin, Tyskland, død 2. april 1914 i München) var ein tysk forfattar som i 1910 fekk Nobelprisen i litteratur «såsom hyllningsgärd åt den fulländade och av ideal uppfattning präglade konstnärlighet han ådalagt under en lång och betydande verksamhet såsom lyriker, dramaturg, romanförfattare och diktare av världsberömda noveller».[1][2]

Paul Heyse

Paul Heyse måla av Adolph von Menzel i 1853
Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 15. mars 1830
Berlin
Død

2. april 1914 (84 år)
München

Yrke Forfattar
Far Karl Wilhelm Ludwig Heyse
Ektefelle Anna Heyse, Margarete Heyse
Born Ernst Heyse
Signatur
Paul Heyse på Commons

Virke endre

Heyse skreiv i alt 177 noveller, romanar, dikt og om lag 60 skodespel. Dei mest kjende romanane er Kinder der Welt, Im Paradiese og Merlin. For den tyske borgarskapen var han ein garantist for ein formfullendt poesi som følgde dei klassiske idealane til den «store» Goethe og bevarte den for samtida. Heyse heldt strengt på den klassiske stilen og polemiserte mot naturalismen sjølv før den var komen til Tyskland.

«I et kvart hundre år var han publikums yndling, den uutømmelige virtuos... Han ville hverken preke politikk eller moralisere, men skildret en verden uten grimhet, en sensualitet uten lidenskap, en melankoli uten tragikk, et helt univers innepakket i vatt, trygget mot historines problemer og tumulter», meiner Verdens litteraturhistorie, bind 9.[3]

Norske omsetjingar endre

  • Andrea Delfin, Kristiania 1918, Helge Erichsen, omsett av Anton Heiberg
  • I elskovens rus, Kristiania 1917, Wahls bøker, omsett av Jo Meyer
  • Gammel kjærlighed ruster ikke. To noveller, Kristiania 1888, Det norske aktieforlag Bibliothek for de tusen hjem no. 146-148, omsett av Th. Blakstad
  • Det spøger!, Kristiania 1897, Cammermeyer, «oversat med Forfatterens Tilladelse af Johannes Magnussen»
  • Ved den døde sjø. Novelle, Høvik 1888, Bibliothek for de tusen hjem no. 143-144, omsett av Th. Blakstad (orig: Am todten See)
  • David og Jonathan. Novelle, Bergen 1882, Bergenspostens Føljeton
  • Enken i Pisa, Kristiania 1878, Aftenpostens føljetong
  • Keiserinden af Spinetta, Kristiania 1876, Aftenpostens føljetong
  • I Paradiset : Roman i syv Bøger, Del 1, Bergen 1875, Norsk Forlagskonsortium
  • Kastellet, Bergen 1870, Giertsen

Referansar endre

  1. «as a tribute to the consummate artistry, permeated with idealism, which he has demonstrated during his long productive career as a lyric poet, dramatist, novelist and writer of world-renowned short stories»
  2. Nobelpristildelinga 1910 på nobelprize.org
  3. Verdens litteraturhistorie, bind 9:200

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Paul Heyse

Tekstar av Paul Heyse endre

 

Originaltekst av Paul Heyse ved Wikisource (de).