Opna hovudmenyen

Paul Revere and the Raiders

(Omdirigert frå Paul Revere & the Raiders)

Paul Revere & the Raiders er eit USA-amerikansk rockeband som hadde stor suksess på siste halvdel av 1960-åra og tidleg i 1970-åra i USA. Blant hittane deira var «Kicks» (1966), «Hungry» (1966), «Him Or Me – What's It Gonna Be?» (1967) og «Indian Reservation» (1971).[1]

Paul Revere & the Raiders
Paul Revere and the Raiders 1967.JPG
Bandet i 1967. Framme V-H: Paul Revere, Mike Smith. Midten V-H: Jim Valley, Mark Lindsay. Bak: Phil Volk
AliasThe Downbeats
OpphavBoise i Idaho i USA
Aktiv1958–1976, sidan 1978
SjangerPoprock, rock and roll, garasjerock
PlateselskapColumbia
Tidlegare medlemmerPaul Revere †
Mark Lindsay
Robert White †
Richard White †
William Hibbard
Dick McGarvin
Red Hughes
David Bell
Jerry Labrum †
Andrea Loper
Mike «Smitty» Smith †
Ross Allemang
Steve West
Dick Walker
Charlie Coe
Drake «Kid» Levin
Mike «Doc» Holliday
Phil «Fang» Volk
Jim «Harpo» Valley
Freddy Weller
Joe Correro, Jr.
Keith Allison
Omar Martinez
Robert Wooley
Blair Hill
Michael Bradley
Carlo Driggs †
Doug Heath
Ron Foos
Danny Krause
Jamie Revere
Darren Dowler
Tommy Scheckel

†Deceased

HistorieEndra

Tidlege årEndra

Gruppa oppstod i Boise i Idaho som eit instrumentalt rockeband leia av organisten og grunnleggjaren Paul Revere Dick (fødd 7. januar 1938 i Harvard i Nebraska, død 4. oktober 2014).[2][3] Bandet flytta til Portland i Oregon, då Revere kom attende frå militærteneste i 1962.[4][5][6][7][8]

Alt då han var i starten av 20-åra eigde Revere fleire restaurantar i Caldwell i Idaho,[9] og møtte først songaren Mark Lindsay då han henta hamburgerbrød frå bakeriet der Lindsay arbeidde.[9] Omstendene kring møtet deira vart seinare omtalt i den underfundige songen «Legend of Paul Revere», som gruppa spelte inn. Lindsay vart med i bandet til Revere i 1958. Dei kalla seg opphavleg The Downbeats, og endra namn til Paul Revere & The Raiders i 1960 før den første singelen deira kom ut på Gardena Records. Bandet fekk sin første hit i Pacific Northwest i 1961 med instrumentalen «Like, Long Hair». Plata gjorde det godt nok til å nå 38. plassen på den nasjonale Billboard-lista den 17. april 1961.[10][11] Då Revere vart trekt ut til militærteneste vart han militærnektar[9] og arbeidde som kokk på ein psykiatrisk institusjon i eitt og eit halvt år. I den same perioden arbeidde Lindsay på ein bensinstasjon i Wilsonville i Oregon. Med ein singel på Topp 40, turnerte Lindsay i USA sommaren 1962 med eit band der Leon Russell tok over på Revere på piano.[9]

Sommaren 1962 arbeidde Revere og Lindsay i lag igjen i Oregon med ein versjon av The Raiders som bestod av Mike «Smitty» Smith,[12] ein trommeslagar som var i bandet i to lengre periodar.[9] På denne tida såg radio-DJen Roger Hart seg om etter eit band han kunne hyre til tenåringsdansar. Hart hadde ein tilfeldig samtale med ein bankfunksjonær som fortalte om eit band kalla «Paul Revere-eit-eller-anna». Hart fekk nummeret til Revere og dei møttest til lunch. Hart hyrte bandet til ein av tenåringsfestane sine. Kort tid etter vart Hart manageren til gruppa. Det var Hart som føreslo at dei skulle spele inn «Louie Louie», og Hart betalte dei kring 50 dollar for å produsere songen og gje han ut på selskapet hans, Sandē, og fekk slik til slutt merksemda til Columbia Records.[13] I følgje Lindsay var The Raiders «ein gjeng av kvite ungdomar som gjorde sitt beste for å høyrast svarte ute. Me fekk kontrakt med Columbia fordi me høyrdest slik ut.»[13] Om The Raiders eller The Kingsmen spelte inn «Louie Louie» først er ikkje visst, men begge gruppene spelte han inn i same studio i Portland i Oregon i april 1963.[14] På de tida bestod The Raiders av Revere, Lindsay, Smith, gitaristen Drake Levin og bassisten Mike «Doc» Holliday, som vart erstatta tidleg i 1965 av Phil Volk.[15]

GullalderenEndra

 
Where the Action Is hos Dick Clark med gruppa i 1966. Framme V-H: Paul Revere, Clark og Mike Smith. Bak V-H: Drake Levin, Phil Volk og Mark Lindsay.

I 1965 byrja The Raiders å spele inn ei rekkje garasjerock-klassikarar. Under produsenten Terry Melcher si rettleiing, flytta gruppa til Los Angeles og byrja å etterlikne stilen til banda i den britiske bølgja som The Beatles, The Rolling Stones, The Dave Clark Five og The Animals, men la til ei amerikansk R&B-kjensle. Den første, store nasjonale hitten deira, «Just Like Me» (nr. 11, 1965) var ein av dei første rockesongane som hadde ein markant, dobbelspora gitarsolo, spelt av gitaristen Drake Levin.[9]

Bandet spelte ofte på amerikansk nasjonalt fjernsyn, hovudsakleg på Dick Clark sitt Where the Action Is, Happening '68 og It's Happening. I november 1966 framførte bandet ein song som seg sjølv i den populære fjernsynsserien Batman i episoden «Hizzonner the Penguin». The Raiders fekk ein avtale med Vox Amplifier Company gjennom den amerikanske distributøren Thomas Organ Co., og Revere spelte på eit Vox Continental orgel og Volk brukte stundom ein Vox Phantom IV-bass. Når dei heldt konsertar var heile bandet plugga i Vox Super Beatle-forsterkarar. Bandet skal ha vore det første store bandet der alle medlemmane, inkludert blåsarar, var forsterka.[16] Då Levin slutta i gruppa i 1966 for å gå inn i Nasjonalgarden, vart han erstatta av Jim Valley, ein musikar frå Nordvesten som The Raiders hadde møtt då dei spelte i Portland- og Seattle-området. Valley vart kalla «Harpo» av dei andre i bandet, fordi han hadde ein viss likskap til den kjende Marx-broren.[15]

Hittar frå denne tida var «Kicks» (Billboard Pop Chart nr. 4), «Hungry» (nr. 6), «The Great Airplane Strike» (nr. 20), «Good Thing» (nr. 4) og «Him or Me – What's It Gonna Be?» (nr. 5). Av desse vart «Kicks» den mest kjende songen deira, ein antidopsong som Barry Mann og Cynthia Weil skreiv spesifikt for The Animals. (Mann sa seinare at songen var skriven om venen deira, Gerry Goffin, som sleit med dopmisbruk på den tida og fekk problem i karrieren og i forholdet til den dåverande kona Carole King.)[17]

I midten av 1967 hadde The Raiders tre gullalbum i hylla og var blant dei mestseljande rockegruppene til Columbia og Greatest Hits-albumet deira var ei av to utgjevingar som Clive Davis prøvde setje ein høgare utsalspris på for album som var venta å vere særskild populære (det andre var Bob Dylan's Greatest Hits).[18]

Større endringarEndra

Då dei var på sitt mest populære slutta Valley, Volk og Smith bandet. Dette kom av fleire årsaker, mellom anna at ikkje alle i bandet fekk høvet til å bidra med låtskriving og at dei vart erstatta av studiomusikarar på innspelingar (Volk nektar for dette og sa at The Wrecking Crew berre vart hyrt inn av Melcher og Lindsey for å utfylle bandet[19][20]) og var misnøgde med at dei fortsatt gjekk i ei tenåringsorientert retning, medan ein meir seriøs rock and roll var under utvikling).

Den første til å slutte var Valley, som så starta ein solokarriere.[15] Drake Levin kom inn att i bandet på gitar for å fullføre vårturneen deira i 1967. Levin, Volk og Smith flydde til New York i lag då The Raiders vart hyrt inn til å spele på The Ed Sullivan Show. Revere var misnøgd med at Valley, Volk og Smith slutta i gruppa, og gav Levin skulda. Levin møtte opp i Ed Sullivan Theater for å spele med Volk og Smith for aller siste gongen, men Revere nekta Levin å spele.[21] Revere hadde henta inn ein ny gitarist, Freddy Weller, for å spele den kvelden, utan at resten av bandet visste om det. Levin bar ikkje nag og viste Weller akkordane til songane og såg på frå sida medan The Raiders spelte den einaste framføringa si på showet den 30. april 1967. Dette var den einaste gongen denne besetninga spelte i lag. Månaden etter var Volk og Smit borte, og slo seg saman med Levin for å skipe bandet «Brotherhood». Charlie Coe, som hadde spelt gitar me gruppa i 1963 kom inn att på bass, og Joe Correro jr. vart henta inn som ny trommeslagar.

«Happening»-tidaEndra

Musikksmaken endra seg raskt seint i 1960-åra og gruppa vart rekna som umoderne, men dei fortsette å få mindre hittar resten av tiåret, som «Ups And Downs», «I Had A Dream», «Too Much Talk», «Don't Take It So Hard», «Cinderella Sunshine», «Mr. Sun, Mr. Moon» og «Let Me», som vart den første gullplata deira. Den 6. januar 1968, berre fire månader etter at Where The Action Is vart lagt ned, vendte Revere og Lindsay attende for å vere vertar for eit nytt Dick Clark-show der The Raiders spelte fleiree gonger, Happening '68 (seinare korta ned til Happening). Programmet gjekk kvar veke frå juli til september det året, medan Clark poduserte ein dagleg serie kalla It's Happening, òg med Revere og Lindsay som programleiarar. I august 1968 slutta bassisten Coe for å gifte seg. Han vart erstatta av Keith Allison. I følgje forfattaren Derek Taylor vart The Raiders sett på som «irrelevant...nervøse folk vart rolege av at enkelte ting ikkje endra seg».[22]

Mark Lindsay tok meir kontroll over bandet på denne tida. Han produserte alle innspelingane frå og med Too Much Talk i 1968 og det psykedeliske albumet Something Happening. Visjonen til Lindsay vart representert på songar som «Let Me» og albuma Hard 'N' Heavy (with marshmallow) og Alias Pink Puzz. Suksessen med «Let Me» gjorde at Paul Revere and the Raiders fekk turnere i Europa med The Beach Boys sommaren 1969 (dei spelte òg to songar for det tyske musikkshowet Beat-Club på denne tida). Happening vart lagt ned den hausten. I 1969 spelte bandet ei spesialskriven song for ein reklmefilm for Pontiac sin nye GTO-sportsbil, «The Judge».[23]

The Raiders: tidleg i 1970-åraEndra

I eit forsøk på å endre stilen og imaget til bandet, vart namnet offisielt korta ned til The Raiders,[24] medan albumet Collage i 1970 var eit forsøk på å gå i ei ny musikalsk retning. Albumet fekk strålande kritikk i magasinet Rolling Stone[9][25] men selde dårleg, og Lindsay byrja å fokusere på soloprosjekt. Joe Correro slutta då vårturneen var over og vart erstatta av føregjengaren Mike Smith.[9]

«Freeborn Man», ei song skriven av Lindsay og Allison, har sidan blitt ein countryrockstandard, spelt av Jimmy Martin, Outlaws, Junior Brown og Glen Campbell blant fleire. Den største hitten til The Raiders i denne tida var «Indian Reservation», som vart spelt inn som eit soloprosjekt av Mark Lindsay[26].

Revere tok eit marknadsføringsgrep og kryssa landet til hest fire gonger og reklamerte for songen overalt han kunne. Det betalte seg og «Indian Reservation» gjekk heilt til topps i ei veke i juli det året.[27] «Indian Reservation» vart den mestseljande singelen til Columbia på nesten ti år, og selde over seks millionar eksemplar. Suksessen til singelen vart følgd opp av eit album med same namn (Indian Reservation) og singelen «Birds of a Feather» som nådde 23. plassen. The Raiders vart òg utvida og henta inn trommeslagaren Omar Martinez og klaverspelaren Bob Wooley.

I 1972 gjorde The Raiders eit siste forsøk på å eit popalbum med Country Wine, men Columbia var byrja å putte pengane sine inn i andre artistar, som Blue Öyster Cult og Aerosmith, og Country Wine selde dårleg. Bandet fortsette å gje ut singlar for Columbia mellom 1972 og 1975, inkludert «Country Wine», «Powder Blue Mercedes Queen», «Song Seller», «Love Music» og «All Over You», men berre «Country Wine» nådde Topp 40 med ein 30. plass på Billboard-lista.[9] Weller og Smith slutta nyårsaftan 1972 og Weller vart erstatta av gitaristen Doug Heath. Etter kvart som platene deira selde dårleg, gjekk det nedover på konsertarenaen òg, og dei måtte ta til takke med å spele på mindre stader, ein situasjon Revere var nøgd med, men ikkje Lindsay.

Seint i 1972 førebudde The Raiders det som skulle bli det neste albumet deira, men vart avvist av Columbia Records. Det vart gjeve ut ein promo med ein song frå albumet, «Love Music» som gjekk inn på lista, men ikkje høgare enn 97. plassen på Billboard-lista. Så langt har dette albumet aldri kome ut, men fleire av songane finst som bonusspor på forskjellige Raiders-samlingar.

Seinare i 1970-åraEndra

Besetningsendringane fortsette tidleg i 1975 då Mark Lindsay slutta i bandet etter ein konsert i Knott's Berry Farm. Lindsay fortsette som soloartist etter å ha hatt ein hitsingel i 1969 med Kenny Young sin «Arizona». Etter to siste singlar for Warner Bros. i 1977 vendte han seg mot å skrive musikk for filmar og reklame. Han leia òg talentspeidaravdlinga til United Artists Records i 1970-åra. Keith Allison slutta i april 1975 og vart erstatta med den noverande Raider-bassisten Ron Foos.[9]

Revere gifta seg for andre gongen den 4. juli 1976 på scenen under ein Raiders-konsert.[28] Revere annonserte at han trekte seg attende frå musikkindustrien mot slutten av 1976, men kom attende alt i 1978 med eit nytt Raiders. I lag med gitaristen Doug Heath, knytte Revere band til eit band kalla «Louie Fontaine & the Rockets», og drog på turné med dei som «Paul Revere & the Raiders», med Blair Hill («Louie Fontaine») som solovokalist. Dette bandet spelte til og med som «Paul Revere's Raiders» utan Paul, ei stund i 1978. Kvinetten Paul Revere, Mark Lindsay, Drake Levin, Phil Volk og Mike Smith kom saman att for Dick Clark på nasjonalt fjernsyn i 1979 og framførte ein medley av dei største hittane deira. Same året vart «Indian Reservation» spelt av den tyske gruppa Orlando Riva Sound.[29]

1980-åra til 2014Endra

 
Paul Revere i 2007

Punkrock- og new wave-artistane synte ein viss interesse for musikken til The Raiders. «I'm Not Your Stepping Stone» vart spelt av The Sex Pistols, Minor Threat og the Farm (sjølv om The Monkees sin versjon var meir kjend enn The Raiders sin original). Og seinare vart «Just Like Me» spelt av The Circle Jerks, Joan Jett og Pat Benatar. The Flamin' Groovies spelte tre Raiders-songar («Him or Me, What's it Gonna Be?», «Sometimes» og «Ups and Downs») og The Morrells spelte ein countryaktig versjon av «Ups and Downs». Paisley Underground-, garage rock revival- og grønsj-bølgjene omtalte alle The Raiders som ei inspirasjonskjelde.

Revere fortsette med ei relativt stabil besetning gjennom 1980- og 1990-åra, med medlemmane Omar Martinez (trommer og vokal sidan 1972), Doug Heath (gitarist for The Raiders sidan 1973), Ron Foos (bass, Allison sin erstattar i 1975) og solovokalisten Carlo Driggs (som erstatta Michael Bradley). Dei gav ut albuma Special Edition og Paul Revere Rides Again i 19833. Dei spelte inn ein video for MCA Universal i 1996 kalla The Last Madman of Rock 'N' Roll. Sonen til Revere, Jamie, var med bandet på gitar fleire gangar i 1990-åra, som på Generic Rock & Roll (1992) og Generic Rock 2 (1996).

I 2001 gav The Raiders ut «Ride to the Wall» med fleire nye songar, i lag med versjonar av 60-talshittane deira. Inntektene gjekk til støtte for vietnamveteranar.

Den 13. oktober 2007 vart Paul Revere & the Raiders innlemma i Oregon Music Hall of Fame. I 2010 vart bandet innlemma i Hit Parade Hall of Fame. Revere annonserte at han trekte seg frå bandet i august 2014, og gruppa planla å turnere utan han som «Paul Revere's Raiders». I oktober 2014 annonserte nettsida til bandet at Revere var gått bort «fredfullt» den 4. oktober 2014 i heimen sin i Garden Valley i Idaho. Han vart 76 år gammal og hadde fått kreft.[3][30] Den 10. oktober 2014 framførte Tom Petty «I'm Not Your Stepping Stone», dedisert til Paul Revere, til minne om at han var gått bort den veka.

MedlemmarEndra

Noverande medlemmarEndra

  • Doug Heath - gitar (1973–1977, 1978-1979, sidan 1980)
  • Ron Foos - bass, gitar (1975–1977, sidan 1980)
  • Danny Krause - klaverinstrument (sidan 1980)
  • Jamie Revere - gitar (1990-1997, sidan 2014)
  • Darren Dowler - solovokal (sidan 2008)
  • Tommy Scheckel - trommer, vokal (sidan 2010)


Tidlegare medlemmarEndra

 
Tidslinje
  • Paul Revere - klaverinstrument (1958–1977, 1978-2014)
  • Mark Lindsay - vokal, saksofon (1958-1975)
  • Robert White - gitar (1958-1961)
  • Richard White - gitar (1958-1961)
  • William Hibbard - bassgitar (1958-1961)
  • Dick McGarvin - trommer (1958)
  • Red Hughes - vokal (1958)
  • David Bell - trommer (1958-1959)
  • Jerry Labrum - trommer (1959-1961)
  • Andrea Loper - vokal (1960)
  • Mike «Smitty» Smith - trommer (1962-1967, 1971–1972)
  • Ross Allemang - bassgitar (1962-1963)
  • Steve West - sologitar (1962)
  • Pierre Ouellette (1963)
  • Dick Walker - sologitar (1962-1963)
  • Charlie Coe - sologitar (1963), bassgitar (1967-1968)
  • Drake «Kid» Levin - sologitar (1963-1966, 1967)
  • Mike «Doc» Holliday - bassgitar (1963-1965)
  • Phil «Fang» Volk - bassgitar (1965-1967)
  • Jim «Harpo» Valley - sologitar (1966-1967)
  • Freddy Weller - sologitar (1967-1973)
  • Joe Correro, Jr. - trommer (1967-1971)
  • Keith Allison - bassgitar (1968-1975)
  • Omar Martinez - trommer, vokal (1971-1977, 1980-2006)
  • Robert Wooley - klaverinstrument (1972-1977)
  • Blair Hill - vokal (1978-1980)
  • Michael Bradley - vokal (1980-1983)
  • Carlo Driggs - vokal (1983-2004)

DiskografiEndra

  • 1961: Like, Long Hair
  • 1963: Paul Revere & the Raiders
  • 1965: Here They Come!
  • 1966: Just Like Us!
  • 1966: Midnight Ride
  • 1966: The Spirit of '67
  • 1967: Revolution!
  • 1967: A Christmas Present...And Past
  • 1967: Greatest Hits
  • 1968: Goin' to Memphis
  • 1968: Something Happening
  • 1969: Hard 'N' Heavy (med Marshmallow)
  • 1969: Alias Pink Puzz
  • 1970: Collage
  • 1971: Indian Reservation
  • 1972: Country Wine
  • 1972: All-Time Greatest Hits
  • 1982: Special Edition
  • 1983: The Great Raider Reunion
  • 1983: Paul Revere Rides Again
  • 1985: Generic Rock & Roll
  • 1992: Generic Rock & Roll (a.k.a. Live NOT)
  • 1996: Generic Rock 2 (a.k.a. Live NOT)
  • 2000: Time Flies When You're Having Fun
  • 2001: Ride to the Wall
  • 2005: Ride to the Wall 2
  • 2010: The Complete Columbia Singles
  • 2011: Flower Power, produsert av vokalisten Darren Dowler

BibliografiEndra

  • Hicks, Michael (2000). Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions. University of Illinois Press. ISBN 0-252-06915-3. 
  • Blecha, Peter (2009). Sonic Boom: The History of Northwest Rock, from «Louie Louie» to «Smells Like Teen Spirit» (1st utg.). New York: Backstreet Books (a imprint of Hal Leonard Corporation). ISBN 978-0-87930-946-6. 
  • Blecha, Peter (2007). Music in Washington, Seattle and Beyond (Images of America) (1st utg.). Charleston, SC, Chicago, IL, Portsmouth, NH, San Francisco, CA: Arcadia Publishing. ISBN 978-0-7835-4818-0. 

KjelderEndra

  1. «The Hot 100-1971 Archive». Billboard. Arkivert frå originalen den 30. september 2014. Henta 1. mai 2018. 
  2. Paul Revere & The Raiders Biography Arkivert 2008-06-18 ved Wayback Machine.. Musikarguide.com; retrieved 2. mai 2018.
  3. 3,0 3,1 Hart, Roger. Paul Revere: «The End of the Ride» 1938-2014 Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine., memorial in the Paul Revere and the Raiders official website (henta 1. mai 2018).
  4. Hicks 2000, s. 36.
  5. Blecha (Sonic Boom) 2009, s. 121-126, 135.
  6. Blecha (Images) 2009, s. 90.
  7. Eder, Bruce. «Paul Revere & the Raiders: Artist Biography». AllMusic. Arkivert frå originalen den 24. april 2015. Henta 27. juli 2015. 
  8. Stax, Mike. «Optical Sound: The Technicolor Tales Behind the Numerous Nuggets» (track-by-track booklet liner notes). Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 (4-CD Box Set). Rhino 1998, p. 58.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 9,9 Rhulmann, William (20. april 1990). «Paul Revere's 30 Year Ride». Gullmine/Krause. 
  10. Whitburn, Joel (2000). Billboard Book of Top 40 Hits. magasinet Billboard#Billboard Books. 
  11. Otfinoksi, Steve (1997). The Golden Age of Rock Instrumentals. magasinet Billboard#Billboard Books. 
  12. «Mike Smith (34)». Discogs. Arkivert frå originalen den 20. mars 2015. Henta 30. april 2018. 
  13. 13,0 13,1 Fricke, David (2001). «Mojo Workout». 
  14. The date on the master tape of the Kingsmen version was 6. april 1963, according to Dick Peterson in his book Louie Louie, Me Gotta Go (s.45).
  15. 15,0 15,1 15,2 Barnes, Ken (March 1973). «Paul Revere and the Raiders». Phonograph Review. 
  16. «Billboard - Google Books». Books.google.co.uk. 9. desember 1967. Arkivert frå originalen den 2015-12-22. Henta 1. mai 2018. 
  17. Weller, Sheila (2008). Girls Like Us. Atria Books. 
  18. Willwerth, James (1973). Clive: Inside the Record Business. Ballantine. 
  19. «Music Aficionado - For People Who Appreciate Great Music». Music Aficionado. Arkivert frå originalen den 5. august 2017. Henta 30. april 2018. 
  20. «The musical revolution of Paul Revere & The Raiders». goldminemag.com. 23. juni 2010. Arkivert frå originalen den 9. februar 2018. Henta 30. april 2018. 
  21. Phil Volk interview, 19. oktober 2009, Greg Martin Radio Show.
  22. Taylor, Derek (1987). It was Twenty Years Ago Today. Fireside. 
  23. «Raiders Plan to Conquer Britain!». Disc and Music Echo. 21. juni 1969. 
  24. «Billboard - Google Books». Books.google.co.uk. Arkivert frå originalen den 2016-03-06. Henta 1. mai 2018. 
  25. Kaye, Lenny (11. juni 1970). «Raiders Collage». Rolling Stone. 
  26. Ciccone, Don. «Interview with Mark Lindsay and Phil «Fang» Volk». Caught in the Carousel. Arkivert frå originalen 25. mars 2012. Henta 1. mai 2018. 
  27. Bronson, Fred, The Billboard Book of Number One Hits, Billboard Publications, Inc. 1985; ISBN 0-8230-7522-2.
  28. Woodward, Tim (27. februar 1978). «Sequel». People/Time Inc. 
  29. Paul Revere and the Raiders Arkivert 2009-04-23 ved Wayback Machine., Classicwebs.com; henta 2. mai 2018.
  30. «Paul Revere, '60s rocker and leader of the Raiders, dies at 76». CNN. 6. oktober 2014. Arkivert frå originalen den 5. oktober 2014. Henta 6. oktober 2014. 

BakgrunnsstoffEndra