Paul Warren (fødd 22. desember 1953 i Garden City i Michigan) er ein amerikansk blues- og rockegitarist. Han var turnegitarist for den engelske rockeartisten Rod Stewart og den amerikanske artisten Richard Marx.

Paul Warren
Statsborgarskap USA
Fødd 22. desember 1953 (70 år)
Garden City
Yrke musikar

Warren starta å spele gitar då han var tolv år gammal, og då han var 17 vart han oppdaga av Norman Whitfield i Motown Records. Kort tid etter vart han ein fast studiogitarist for det kjende studioet. Den først songen han spelte på var «Papa was a Rolling Stone» av The Temptations. Same året vann denne plata fem Grammyprisar.

Sidan har han spelt på mange album og vart ein populær studiogitarist. Då Motown flytta kontor til California i 1973, betalte dei han for å flytte med dei, slik at han framleis kunne spele for dei. Han vart kort tid etter med i gruppa Rare Earth og er tilskriven som medlåtskrivar på tre songar på albumet Back to Earth. Då han slutta som studiomusikar for Motown i 1975, vart han hyrt inn av Ray Manzarek frå The Doors som sologitarist i bandet Nite City. På det andre albumet vart Warren òg solovokalist og skreiv fleire av songane på albumet Golden Days Diamond Night. Bandet var oppløyst innan det andre albumet kom ut. Warren danna i 1978 bandet Paul Warren and Explorer - og spelte fast på Sunset Strip, og nesten kvar helg på anten the Roxy, Whiskey a Go Go, the Starwood og Madame Wongs i China Town - og mange andre. Han fekk kontrakt med RSO Records og gav ut det første soloalbumet sitt, One of the Kids i 1980. Seinare det året vart RSO Records lagt ned og Paul Warren vart arbeidslaus. Han byrja som studiogitarist att i 1981 til 1987, og arbeidde for artistar som The Ventures, Tina Turner og Prism. Han produserte òg musikk i denne tida.

I 1987 vart han med Richard Marx i byrjinga av karrieren hans, kort tid etter den første songen frå debutalbumet hans kom ut. Warren var musikalsk leiar for Marx dei neste sju åra, før han gav seg i 1994. Warren gjekk raskt vidare som sologitarist for Joe Cocker. «Have a Little Faith Tour» varte i 18 månader. I 1996 spelte han for den italienske songaren Eros Ramazzotti. Han spelte i 11 år for Ramazotti, før han gav seg i 2005. I mellomtida spelte Warren for Rod Stewart, og heldt fram å spele med Stewart i 11 år. Seint i 2010 gav han ut det første soloalbumet sitt på over eit tiår, kalla Round Trip, med sitt eige band.

Kjelder endre