Pauli ord i utsegn som «å seie eit Pauli ord til ein», tyder å seie si ærlege meining til vedkomande, vanlegvis ei meining som er av det strenge eller kritiske slaget. «Pauli» er den latinske måten å lage genitiv på av namnet Paulus, så Pauli ord ville etter norsk bøyingsmønster ha vore Paulus' ord, eller Paulus sine ord.

Paulus i Athen. Måleri av ukjend målar frå 1800-talet.

Bakgrunnen for omgrepet Pauli ord, som skal ha vore nytta i Noreg allereie på byrjinga av 1600-talet, reknar ein med er kapittel 17 i Apostelgjerningane i Bibelen. Her vert det skildra korleis Paulus talar strengt til epikureiske og stoiske vismenn i Athen for at dei skal halde seg til den eine og sanne Gud.

Kjelder endre

«Pauli ord», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 26. august 2015