Pave Aleksander I

(Omdirigert frå Pave Alexander I)

Den heilage Aleksander I (død ca. 115 i Roma) var pave frå ca. 105 til sin død. Han skal, ifylgje Liber Pontificalis ha vore frå Roma, og var ein disippel av Plutark.

Aleksander I

Alexander I
DåpsnamnAleksander
FøddUkjend dato
Roma
DødCa. 115
Roma
ValdCa. 105
InnsettCa. 105
Saligkåra:Kort tid etter sin død.
Heilagkåra:Kort tid etter sin død.
Festdag:3. mai
Føregangar:Evaristus
Etterfylgjar:Sixtus I

Aleksander skal ha vore den som innførte skikken med å signe hus med vievatn, og han skal ha påbudt at hostier skal vere av usyra brød.

Tradisjonen hevdar at han var martyr. Ei legende kjend frå slutten av 400-talet fortel at han vart halshogd ved Via Nomentana, nordaust for sentrum av Roma. Ei grav som vert hevda å vere hans vart funnen i dette området i 1855. Relikviane hans vert sagde å ha vorte overførte til Freising i Bayern i 834. Ettersom det angjevelege martyriet hans ikkje er omtala i dei tidlegaste krønikene, trur ein no at det er ei samanblanding med ein romersk martyr med same namn. Ein St. Aleksander vert nemnd saman med martyrane i Den romerske kanon, og hadde det dreidd seg om ein pave, er det grunn til å tru at han hadde vorte nemnd saman med pavane tidlegare i kanonbøna.