Pavel Tsjistjakov

Pavel Petrovitsj Tsjistjakov (5. juli 183211. november 1919) var ein russisk målar og lærar i målekunst. Han var fødd i Tver oblast, og døydde i Detskoje Selo, som i dag er ein del av St. Petersburg.

Pavel Tsjistjakov

Valentin Serov: Portrett av Pavel Tsjistjakov, 1881
Fødenamn Па́вел Петро́вич Чистяко́в
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 23. mai 1832
Krasnokholmsky District
Død

11. november 1919 (87 år)
Pusjkin

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Pavel Tsjistjakov på Commons

Liv og gjerning

endre

Tsjistjakov studerte ved St. Petersburgs kunstakademi (1849-61) under Petr Basin. 1860-64 underviste han ved ein teikneskule driven av St. Petersburgs avdeling av Selskapet til framhjelp for kunstnarar. I perioden 1863-70 mottok han stipend og studerte då for det meste ved kunstakademi i Paris og Roma.

 
Bojar, 1876

Frå 1872 underviste Tsjistjakov ved St. Petersburgs kunstakademi. År 1892 fekk han plass i akademiet sitt råd og vart professor. Han var styrar ved avdelinga for mosaikk-kunst (1890-1912). Frå 1908 til 1910 leidde han kunstverkstaden.

Tsjistjakov sin kunstpedagogikk utvikla seg i ein vedvarande strid mot den strenge akademismen som rådde i russiske kunstakademia i 1860- og 70-åra. Han og hans mange elevar spela ei stor og avgjerande i utviklinga av realisme-stilen i russisk kunst dei siste tiåra av det 19. hundreåret. Mellom Tsjistjakov sine elevar fann ein Viktor Vasnjetsov, Mikhail Vrubel, Vasilij Polenov, Ilja Repin, Valentin Serov og Vasilij Surikov.

Tsjistjakovs hovudmål som kunstlærar var å utvikle dei faglege evnene, profesjonaliteten hos kunstmålaren. Hans pedagogiske metode sikta mot å smelte kunstnaren sin persepsjon og oppleving av naturen i hop med den vitskaplege kunnskapen.

I eiga målargjerning streva Tsjistjakov mot å få fram det dramatiske ved ei historisk hending, og det fortetta, psykologiske i historiske portrett og tradisjonelle portrett (Hovud av ei ciucciara [italiensk jente], 1864, i Russlands Museum i St. Petersburg, og, Bojar, 1876, i Tretjakovgalleriet i Moskva).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pavel Tsjistjakov