Payola er i musikkindustrien ei form for ulovleg kommersiell muting eller andre lokkemiddel frå plateselskap for å få utgjevingane sine kringkasta på kommersiell radio, utan at songen vert presentert som noko anna enn ein del av den normale, daglege spelelista. Etter USA-amerikansk lov kan ein radiostasjon få betalt for å spele ein spesifikk song, men då må dette opplysast om før songen vert avspelt.

Sidan ein song som vert spelt mykje på radio kan vere avgjerande for om han vert ein hit, og dermed vert ei god inntektskjelde for alle involverte, har det i tidlegare tider vore vanleg å betale radiostasjonar ekstra for å få songane sine spelte føre konkurrerande selskap.[1]

Alan Freed var ein DJ og tidleg støttespelar av rock and roll som fekk karrieren og rykte sitt øydelagd av ein payolaskandale i USA. Det var òg Freed som skal ha namngjeve omgrepet. Den tidlege karrieren til Dick Clark vart nesten stogga av ein payolaskandale, men han unngjekk problema med å selje partane han eigde i eit plateselskap og samarbeide med styresmaktene.[2] Sjølv om mange av payolaskandalane kom tidleg i rock and roll-historia, på 1950-talet, finst det òg døme på seinare payolaskandalar, som i 1976 då soul-DJen Frankie Crocker vart dømd for payola.[3]

Kjelder endre

  1. «Pluggers war on old curse». Billboard magazine (Nielsen Business Media, Inc.) 61 (44): 3, 13, 47. October 29, 1949. ISSN 0006-2510. 
  2. «The Jordan brothers: A Musical Biography of Rock's Fortunate Sons», by Maxim W. Furek. Kimberley Press, 1986.
  3. «United States of America v. Frankie Crocker, Appellant, 568 F.2d 1049 (3d Cir. 1977)».