Peder Christian Tyrholm Holtermann (5. desember 180219. september 1877) var ein norsk prest og stortingsmann frå Melhus.

Peder Holtermann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1802
Melhus kommune
Død

19. september 1887 (84 år)
Trondheim

Yrke prest, politikar
Språk norsk

Holtermann var son til ein offiser. Sjølv vart han student frå Trondhjems skole i 1821 og cand. theol. i 1827. Han var frå 1828 til 1846 sokneprest i Kvernes, deretter var han residerande kapellan i Vår Frue kirke i Trondheim. Til sist sokneprest i Oppdal 1855-69.

Holtermann var ordførar i Kvernes i fleire år. Etter han hadde flytta frå Oppdal var han i nokre år formann i Trondhjems Arbeiderforening.

Holtermann var 3. representant frå Romsdals amt til Stortinget 1842. Han var då sekretær i gasje- og pensjonskomiteen og medlem av trykkekomiteen.

Han døydde i Trondheim i 1887.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914