Peder Lofnes Hauge

norsk politikar og målmann

Peder Lofnes Hauge (fødd i 1989) er ein norsk politikar og målmann frå Gloppen i Nordfjord som sidan 2020 er leiar i Noregs Mållag.[1] Han er busett i Bergen og arbeidde som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn i byrådet i Bergen før han byrja som mållagsleiar.[2] Hauge er utdanna barneskulelærar, men har ikkje arbeidd som lærar.

Peder Lofnes Hauge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1989 (35 år)
Gloppen kommune
Bustad Bergen
Utdanning Grunnskulelærar
Yrke Politisk rådgjevar
Tittel Leiar i Noregs Mållag
Periode 2020 – d.d.
Føregangar Magne Aasbrenn
Politisk parti Venstre

Kjelder endre

  1. Her er det nye styret i Noregs Mållag[daud lenkje] (26. april 2020). Noregs Mållag. Henta den 2. mai 2020.
  2. Nøttveit, Andrea Rygg. (22. januar 2020). 31-åring innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. I Framtida. Henta den 2. mai 2020.