Opna hovudmenyen

Peder Tonning (14. januar 17823. mai 1839) var ein norsk postmeister, tollar og stortingsmann frå Stryn, busett på Steinvågnes i Borgund og Ålesund.

Peder Tonning
Fødd 14. januar 1782
Stryn
Død

3. mai 1839
Ålesund

Yrke politikar, embetsmann

Liv og gjerningEndra

Tonning var son til ein handelsmann og proprietær i Stryn i Nordfjord. Han fekk arbeid som postmeister i Borgund på Sunnmøre, der han i krigsåra 1807-1814 var divisjonssjef for dei lokale styrkane i prestegjeldet. I 1812 byrja han som postmeister i nyoppretta stilling i ladestaden Ålesund. Frå 1832 var han i tillegg til postmeister også leiar av tollkontoret i byen. Han var i over to tiår medlem av forlikskommisjonen i heradet.

Tonning vart sommaren 1814 vald til fyrsterepresentant for Romsdals Amt til Stortinget. Både til tingsamlinga 1818 og til Stortinget 1821-22 var han fyrste varamann til tinget, og møtte i 1821 frå den 20. mars og i 1822 frå den 28. september. I 1821 var han medlem av sju stortingskomitear, mellom andre om hummarfisket, om korntoll og om tollbud i Stavanger. Tonning var i 1823 med i stortings-deputasjonen som i 1823 reiste til Stockholm. Han var på ny stortingsmann i 1830, medlem av tollkomiteen og komiteen om skattlegginga i kjøpstadene.

I 1837 vart Tonning den fyrste ordføraren i Borgund herad. To år seinare døydde han. Han var farfar til Peder Elibert Tonning.

KjelderEndra