Pedro II av Brasil
Pedro II av Brasil eller Dom Pedro II do Brasil (2. desember 1825–5. desember 1891) var den andre og siste keisaren av Brasil.
Pedro II | |
![]() | |
Keisar av Brasil | |
Regjeringstid | 7. april 1831–15. november 1889 |
---|---|
Fullt namn | Pedro de Alcântara João Carlos Leopoldo Salvador Bibiano Francisco Xavier de Paula Leocádio Miguel Gabriel Rafael Gonzaga |
Fødd | 2. desember 1825 |
Fødestad | Rio de Janeiro |
Død | 5. desember 1891 |
Dødsstad | Paris |
Gravstad | Cathedral of Petrópolis, Petrópolis |
Føregangar | Pedro I |
Etterfølgjar | Monarkiet blei avskaffa og Deodoro de Fonseca overtok som president. |
Gift med | Teresa av Dei to Sicilia |
Dynasti | Huset Bragança |
Far | Pedro I av Brasil |
Mor | Maria Leopoldina |
Born | Afonso, Prince Imperial of Brazil, Isabel, Princess Imperial of Brazil, Princess Leopoldina of Brazil, Pedro, Prince Imperial of Brazil |
Han blei keisar berre fem år gammal, i 1831, etter at faren Pedro I abdiserte og forlét landet. Fram til 1841 blei landet styrt av fleire regentar på hans vegner. Pedro II blei omtalt som ein liberal monark som tok skritt for å reformera og industrialisera Brasil. Mellom anna la han ned forbod mot slaveri i 1888. Sjølv om han var populær blant befolkninga, blei monarkiet avskaffa ved eit militærkupp i 1889. Han flytta då til Paris, der han døydde 5. desember 1891.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Pedro II av Brasil» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2018.
- Julsrud, Ottar & Buvollen, Hans Petter. Brasils historie (2. januar 2018). I Store norske leksikon.