Peer Gynt-prisen, Årets Peer Gynt eller Peer Gynt-statuetten blir delt ut til personar og institusjonar som har utøvd samfunnsansvar og markert Noreg internasjonalt: «Statuetten deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet.» Prisen er kalla opp etter hovudpersonen i Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867. Den har møtt kritikk for å fremje eit feilaktig bilete av Peer Gynt, som blir framstilt som ein umoralsk egoist i diktet til Ibsen.[1][2]

Prisen vart delt ut første gong i 1971 og gjekk då til Einar Gerhardsen for hans innsats som statsminister i gjenoppbygginga av landet etter krigen. Utdelinga skjer under Peer Gynt-stemnetVinstra i Nord-Gudbrandsdalen, eit stemne som har blitt arrangert sidan 1967. Peer Gynt-stemnet sjølv, stortingsrepresentantar og tidlegare vinnarar av Peer Gynt-prisen kan foreslå kandidatar til prisen. Vinnaren blir stemt fram av stortingsrepresentantar, og prisen blir også delt ut av ein stortingsrepresentant. Det synlege beviset for prisen er ein bronsefigur av Peer Gynt på bukken, laga av kunstsmed Karl Bilgrei.

Prisvinnarar

endre

Sjå også

endre

Kjelder

endre
  1. Når ble Peer Gynt et forbilde? (Aftenposten)
  2. Vår egen store Peer Gynt (Aftenposten)
  3. Peergynt.no: Jo Nesbø er årets Peer Gynt 2013. Vitja 14.01.14, arkivert frå originalen 10. november 2013, henta 14. januar 2014 
  4. Furberg, Kristoffer (23. mars 2015) «Moserparet får Peer Gynt-prisen». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 12. juli 2017 
  5. nrk.no Deeyah Khan er årets Peer Gynt 07.05.2016
  6. «Peer Gynt-prisen til «Skam»». aftenposten.no. 21. april 2017. Henta 9. juli 2017. 
  7. NRK (6. april 2018). «Elisabeth Hoff blir årets Peer Gynt». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. desember 2018. 
  8. «Peer Gynt-prisen til Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal». NRK. 12. april 2019. Henta 11. august 2019. 
  9. Nielsen, Jonathan Gaathaug (8. april 2022). «Maren Lundby er årets Peer Gynt: – Det føles litt uvirkelig». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022.