Pegwell Bay er ei grunn bukt ved Den engelske kanalen og estuaret til elva Stour mellom Ramsgate og Sandwich i Kent i England. Eit stort naturreservat dekker bukta, som er kjend for vandrande vadefuglar og fuglevilt, med ei rekkje strandhabitat, som omfattande slamflater og marskland.

Pegwell Bay i 1858, av William Dyce

Ved bukta ligg ein kopi av eit vikingskip til minne om dei første vikingane som gjekk i land i England i området her. Vikingskipet Hugin var ei gåve frå det danske folket til Storbritannia i 1949.[1][2] Ebbsfleet er òg staden der dei første saksarane gjekk i land i England i 449 og der den første kristne misjonæren kom til England, St. Augustin, i 597.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. BBC News: "Viking Ship Undergoes Repairs"
  2. T Nielsen & Co, arkivert frå originalen 23. oktober 2008, henta 16. desember 2009 

51°18′N 1°23′E / 51.300°N 1.383°E / 51.300; 1.383