Per Håland
Per Håland (1. januar 1919–9. oktober 1999) var ein norsk journalist og redaktør.
Per Håland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1919 Høyanger kommune ![]() |
Død |
9. oktober 1999 (80 år) |
Yrke | journalist, avisredaktør |
Bakgrunn
endrePer Håland kom frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Foreldra var Andreas Gullakson Håland (1889-1963) og Sofie Persdotter Øyra (1891-1951). Per fekk i 1932 påvist infeksjon i beinet.[1] Han vart operert for ostiomylit, og var i mange år liggjande sjuk.[2] Håland gifta seg i 1952 med Ingrid Idstad.
Journalist og redaktør
endreSi fyrste journalistiske erfaring fekk Håland mot slutten av 1930-talet som korrespondent for Sogn og Fjordane og freelancar for Høyanger Avis. 1947 fekk han jobben som redaktør i Fjordabladet i Nordfjord. Deretter gjekk karrierevegen vidare til VG (1948-1951). Seinare vart han redaktør i Vest Agder (1951-1952) og etter det politisk redaktør i Varden (1952-1954).
Men det var fyrst og fremst som redaktør i Gula Tidend i Bergen, der han vart tilsett i 1954, at Per skaffa seg eit namn som bladmann. I vel 25 år styrte han denne tradisjonsrike nynorskavisa, ofte i blest og hardt vêr. Med ein sylskarp penn fekk Per snøgt eit namn som bladstyrar, og Gula Tidend vart lagt merke til utover den tradisjonelle lesarkrinsen.
Andre interesseområde
endreHåland hadde ei glødande interesse for teater. Det er blitt hevda at han melde fleire premierar på Det Norske Teatret enn nokon annan kritikar. I tillegg var han ein av initiativtakarane til det som skulle bli Hordaland Teater.
Per Håland hadde òg eit sterkt engasjement for nynorsksaka og ungdomslagsarbeid. I tillegg var han aktiv i politikken. Nokre år fungerte han til dømes som fylkessekretær for Venstre i Sogn og Fjordane.
Bibliografi
endre- 75 år : eit liv i strid for fridom og norskdom, bygdenorsk kulturarv og norsk bondereising på fullnorsk målgrunn, 1979, Gula Tidend, Bergen
Kjelder
endreArkiv
endre- SFF-2004011 Håland, Per (arkivkatalog på Arkivportalen)
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Grepstad, Ottar. Viljen til språk : ei nynorsk kulturhistorie . - Oslo. : Samlaget , 2006 - 317 s.
- Per Håland (SNL)
- Per Håland (NRK fylkesleksikon)