Per Kleiva (1. april 193317. september 2017)[1] var ein norsk biletkunstnar som arbeidde mest med måleri og grafikk. Han er særleg kjend for måleria sine i op- og pop-kunst stil og for dei grafiske blada gjort i silketrykk i tida han var tilknytt kunstnarkollektivet GRAS. Han var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 70-talet.

Per Kleiva
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1933
Torsken
Død

17. september 2017 (84 år)

Yrke kunstmålar, grafikar
Språk norsk
Far Ivar Kleiva
Ektefelle Ida Drage

Bakgrunn endre

Per Kleiva var fødd i Torsken kommune som son til Ivar Kleiva.[2] Han voks opp i Troms, på Sunnmøre og i Gulen i Sogn.

Utdanning endre

Kleiva studerte under Per KrohgStatens Kunstakademi i åra 1955 til 1957. Før det hadde han teke kveldskurs på Bergen Kunst- og Håndverksskole og på Vestlandets Kunstakademi. I 1959 studerte han under Niels LergaardKunstakademiet i København og han studerte også ved Kunstakademiet i Firenze og Kunstakademiet i Stockholm. Frå 1961 til 1965 var han assistent hjå Sigurd Winge.

Utstillingar endre

Kleiva debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1963 og hadde den fyrste separatutstillinga si året etter på Galleri 27 i Oslo. Sidan hadde han ei lang rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og han har og delteke på mange gruppe- og kollektivutstillingar. I tillegg har han stått for utsmykkinga av ei rekkje offentlege og private bygg.

I offentlege samlingar endre

Per Kleiva sin kunst er innkjøpt til desse offentlege samlingane

Kjelder endre

  1. «Per Kleiva er død», Dagbladet.no, 17. september 2017, henta 17. september 2017 
  2. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.