Per Knut Aaland

Per Knut Aaland (fødd 5. september 1954) frå Randabygda i Stryn i Nordfjord er kjend som elitelangrennsløpar frå 1970-åra og framover. Han var femmilsspesialist og stafettløpar med uvanleg stor kapasitet. Etter karrieren som langrennsløpar, vart han spesialist på skismørjing og var i fleire år nytta av det norske landslaget i langrenn.

Per Knut Aaland
Fødd 5. september 1954 (66 år)
Stryn
Yrke langrennsløpar

Aaland var med på det norske laget som tok sølv på stafetten under OL 1980 i Lake Placid. Fire år tidlegare, under vinterleikane 1976 i Innsbruck, kom han på sjetteplass på femmila.

Aaland tevla for Hardbagg idrettslag, Øyer Idrettslag og Lillehammer Skiklub.

BakgrunnsstoffEndra