Peder Elisæus Schei (18751905) var ein norsk geolog som først og fremst er kjend for bidrag til arktisk geologi under den andre Fram-ferda (1898-1904).[1]

Per Schei

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1875
Snåsa kommune
Død

1. november 1905 (30 år)
Holmestrand kommune

Yrke geolog
Per Schei (1875-1905) ved leiren på Braskerudflya på Nunavut i Canada1899, under 2. Fram-ferda leia av Otto Sverdrup.

Per Schei vart fødd på Snåsa, men flytte som treåring med familien til ein gard på Sparbu. Han budde også ei tid hjå tanta i Danmark i oppveksten før han reiste til Kristiania for å studera. [2] Han avla bergeksamen ved universitetet i Kristiania i 1898. Same året la han ut med Otto Sverdrup på den 2. Fram-ferda. Eskspedisjonen, som varte i fire år, kartla øyane i Arktis nord for det Nord-Amerikanske fastlandet. Schei «gjorde der eit uvanleg godt arb. og samla eit stort vitsk. tilfang».[3]

Han var særleg sett pris på av Sverdrup for gode evner på vekelange sledeturar.[4] Etter at ekspedisjonen kom tilbake i 1902 vart han vald til å vera hovudredaktør for dei vitskaplege avhandlingane som skulle gjevast ut. Han vart også utnemnd til amanuensis ved Mineralogisk institutt same året. Ei avhandling om funna i Arktis vart prenta i det britiske tidsskriftet Geographical Journal (Volume 22, no. 1, s. 56-65) [5]i 1903, etter at Schei og Sverdrup i London hadde halde foredrag om ferda.

Schei døydde av nyresjukdom allereie i 1905.[6]

Kjelder endre

  1. «Fram-Museet: Andre Fram-ferd». 
  2. Fram Museum om Per Schei, arkivert frå originalen 12. september 2015, henta 22. februar 2012 
  3. Norsk Allkunnebok. IX. bandet
  4. Dawes & Christie (1986). «Per Schei (1875-1905)». Arctic (Published by Arctic Institute of North America). 39(1): 106-107. 
  5. «JSTOR: Search Results», www.jstor.org, doi:10.2307/j100008, henta 27. august 2021 
  6. «Per (Peder Elisæus) Schei (1875-1905)», FRAM (på norsk bokmål), henta 27. august 2021