Periferieininga Ikaría

Periferieininga Ikária (gresk Περιφερειακή Ενότητα Ικαρίας, Periferiakí enótita Ikarías) er ei av dei fem periferieiningane i periferien Dei nordlege egeiske øyane. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Sámos.[2]

Periferieininga Ikaría
Lokalt namn Περιφερειακή ενότητα Ικαρίας
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 35°30′N 27°10′E / 35.500°N 27.167°E / 35.500; 27.167
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 301 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi Dei nordlege egeiske øyane
Største busetnad Ájos Kírykos (2 218 innb.)

Demografi
Folketal 9 882 (2011[1])
Folketettleik 32,9 /km²

Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet)

Hovudstaden er Ájos Kírykos på Ikaría.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommunæ Folketal 2011[1]
Ájos Kírykos Ikaría 2 218
Foúrni Foúrni 1 120
Évdilos Ikaría 501
Karavóstamo Ikaría 499
Khristós Ikaría 359

Referansar endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.