Opna hovudmenyen

Perim (arabisk بريم, Barīm), òg kalla Mayyun på arabisk, er ei vulkansk øy i Mandebsundet i det sørlege innløpet til Raudehavet, utafor sørvestkysten av Jemen. Øya deler Mandebsundet i to kanalar.

Perim
øy
Bab el Mandeb NASA with description.jpg
Bab-el-Mandeb-området
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Høgd 65 moh.
Koordinatar 12°40′N 43°25′E
Lengd 5,63 km
Areal 13 km²
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Perim Island

Øya var okkupert av Storbritannia frå 1857 til 1967.

Innhaldsliste

EtymologiEndra

Perim vart kalla Diodorus (Diodori insula) av Plinius den eldre[1] og av forfattaren av Førarbok for Det erytreiske havet.[2] Perim kjem kanskje frå det arabiske ordet Barim ('kjede') knytt til historia til sundet og eit av dei arabiske namna. Det andre arabiske namnet er Mayyun. Portugisarane kalla øya «Majun» eller «Meho» (frå Mayyun), men Albuquerque kalla berre øya Vera Cruz i 1513. På mange britiske og franske kart frå 1600- og 1700-talet vert øya kalla Babelmandel, som sundet. Somme skipshandbøker på 1800-talet kalla framleis øya Bab-el-Mandeb, men somme nemner i tillegg namnet Perim.[3] Då britane permanent okkuperte øya i 1857, var namnet Perim blitt vanleg.

GeografiEndra

Perim er ein erodert del av sørvestdelen av ein vulkan frå seint miocen, som hadde senter på sørvestenden av Arabia. Vulkanen er den vestlegaste av ei rekkje på seks vulkanar (Adenlinja) som strekkjer seg 200 km langs kysten av Arabia frå Perim til Aden. Ein trur at vulkanaktiviteten er knytt til ei rift som flytta seg austover før Adenbukta opna seg.[4]

Perim er forma som ein krabbe, er 5,63 km lang og 2,85 km brei.[5] Ho har eit areal på 13 km² og stig til ei høgd på 65 moh. Perim ligg krig ei djup og forholdsvis stor, naturleg hamn på sørvestkysten. Fiskelandsbyen Mayyun ligg inst i bukta.

Øya deler det 32 km breie Bab-el-Mandeb i to. Det store sundet, eller Dact-el-Mayun ligg på austsida og det vesle sundet, Bab Iskender, ligg på vestsida og er kring 3 km breitt.[6] Det har vore mange skipsforlis nær Perim, særleg i det vesle sundet, som er mykje grunnare enn det store.

Øya har ikkje noko ferskvatn, og dette har alltid gjort det vanskeleg å ha permsnente busetjingar på øya. Det kjem stundom kraftig regn, men det kan gå opp til åtte månader utan noko regn i det heile. Frå 1821 til 1912 kom det rundt 60 mm nedbør i året.[7] Det er lite vegetasjon på øya.

HistorieEndra

 
Perim på eit tidleg portugisisk kart.
 
Den osmanske flåten vernar skipsfarten i Adenbukta.

Bab-el-Mandeb var truleg ein av dei tidlegaste stadane som moderne menneske flytta over, ut av Afrika for kring 60 000 år sidan. Ein trur at havnivået på denne tida var lågare enn i dag, og at delar av sundet var tørrlagt.

Trass i den naturlege hamna og strategiske plasseringa ved innløpet til Raudehavet, har Perim stort sett gått forbi historia fram til midten av 1800-talet, hovudsakleg fordi ho er ei naken, vulkansk øy utan vatn, der både menneske og dyr ville hatt vanskar med å overleve i lengre tider. Ein måtte stadig ha ført inn vatn frå land for å kunne opprettehalde ein busetnad her. Som følgje av dette budde berre fiskarar og perledykrarar her til somme tider av året, og bygde sivhytter med materiale dei tok med seg frå land.

I 1513 ønskte portugisarane å få kontroll over handelsrutene frå Persiabkuta til Rauehavet og Albuquerque gjekk til åtak på Aden nær innløpet til Raudehavet, men klarte ikkje å ta byen. Han seg vidare mot Raudehavet. Losane i Raudehavet på den tida budde på ei øy nær Perim. På vegen forbi øya gav Albuquerque Perim namnet Vera Cruz. Øya vart inspisert og funnen uhøvande for ei festning på grunn av mangelen på vatn.[8]

Ein fransk marineskvadron kan ha nytta den naturlege hamna i Perim under ein hemnaksjon mot nærliggande Mocha i 1737.[9] I 1799 vart øya for ein kort periode okkupert av British East India Company i førebuinga av ein invasjon av Egypt.

Perim under britisk styreEndra

 
Perim og Aden
 
Dampskip fyller kol ved Perim kring 1910.
 
Perim hotell, med bar, biljardrom og andre goder var senteret for det vesle sosiallivet på Perim.

I 1857 gjekk statsministeren Palmerston med på å okkupere Perim som eit ledd i å motstå det ein trudde var franske amibisjonar om auka kontroll i Egypt og Raudehavet, etter at franskmennene var med å betale for Suezkanalen. Den endelege avgjersla kom etter ein ugrunna rapport sa at franskmennene hadde kartlagt område ei tid og sendt ein fregatt frå Réunion for å annektere øya.[10][11] Den erklærte årsaka til okkupasjonen var behovet for eit fyr ved innløpet til det farlege Bab el Mandeb, og etter mykje krangling om kvar fyret skulle stå, vart det bygd eit 11 meter høgt fyr her som kom i gang 1. april 1861. Fyret hindra likevel ikkje mange skip frå å forliste i dei farlege farvatna kring Perim.[12][13]

Perim høyrte til Aden-provinsen, som igjen var underlagt presidentskapet Bombay i Britisk India. Dei neste tjueåra var det einaste teiknet på britisk okkupasjon fyret og ein liten avdeling frå Aden garnison. Elles var den vasslause øya overleten til nokre få fiskarar og somaliske gjetarar.[14] Aden kolselskap føreslo å opne ein avdeling på øya, men det vart ikkje noko av.

Hamna i Aden var ei av ei finaste naturlege hamnene i verda, men etter kvart som jern- og stålskip med større djupne vart bygd utover 1800-talet, måtte mange av dei større dampskipa ligge utanfor hamna i Aden, noko som gjorde lessinga av kol og proviantar tidkrevande og farleg.[15] Dette løyste seg først då hamna vart oppmudra tidleg i 1890-åra.[16]

I 1881 fekk Hinton Spalding frå London løyve til å starte ein kolstasjon på Perim, der den store, djupe hamna kunne ta i mot skip av alle storleikar. Med støtte frå fleire store skipsmeklarar starta han Perim Coal Company (PCC) og den 29. august 1883 henta dei første dampskipa kol i Perim Harbour. Dette markerte starten på ein kamp mellom Aden og Perim om kolkundane fram til midten av 1930-åra.[17]

 
Perim og fyret i 1880-åra.
 
Passasjerar på land medan skipet deira fyller drivstoff.

I dei 50 åra koldrifta på Perim heldt på vart øya utelukkande nytta til kolinntak. Hamna, vegane og husly for kolarbeidarane vart alle bygde med tanke på kolinntaket. Vassmangelen på Perim var ikkje noko større problem her enn i Aden, og begge sader nytta ein kondensatorar, og vatnet kring Aden vart rekna for å vere for brakt. Etter kvart fekk PCC òg brorparten av bergingsjobbane òg, sidan dei låg særs nær eit av dei farlegaste farvatna i området.[18]

I det første tiåret etter fyrste verdskrigen, nådde konkurransen frå Perim eit punkt mellom 1923 og 1927 der det vart lasta meir kol frå Perim enn frå Aden.[19] Nedgangen til Perim kom raskt då dei ikkje klarte å ta sin del av den raskt veksande oljeindustrien, og Aden tok raskt over igjen. Dei gamle dampskipa vart avvikla frå seint i 1920-åra og det gjekk nedover med Perim.[19] PCC gjekk konkurs i 1935 og Perim vart igjen ei uviktig øy.

Britane var på øya fram til 1967, då ho vart ein del av Folkerepublikken Sør-Jemen. Før øya vart gjeve over til den nye republikken, hadde britane føreslått for Dei sameinte nasjonane å gjere øya internasjonal[20][21] for å sikre tryggleik for skipsfarten gjennom Bab-el-Mandeb. Forslaget vart avvist.

Kort tid etter sjølvstendet i november 1967, strekte Sør-Jemen territorialfarvatnet sitt 12 nautiske mil ut frå kysten, og det omfatta farvatnet mellom Perim og fastlandet. Trass frykta til britane og andre, vart det ikkje nok problem for den internasjonale skipsfarten,[22] før 1971 då den nye radikale marxist-regjeringa i det som no var Den demokratiske folkerepublikken Jemen (PDRY) let ei gruppe PFLP-gerilja angripe eit tankskip på veg til Israel i Bab-el-Mandeb frå Perim. Under oktoberkrigen, blokkerte sørjemenittisk artilleri på Perim, i lag med egyptiske marinefartøy, ein blokade i det sørlege innløpet til Raudehavet. Etter blokaden i 1973 var det ingen fleire tilfelle der den internasjonale skipsfarten vart hindra.[23] PDRY oppretta nære politiske og militære band til Sovjetunionen som gjorde at sovjetiske marinestyrkar fekk tilkomst til den tidlegare britiske marinebasen i Aden, i tillegg til øyane Perim og Socotra. Det sterke sovjetiske militære nærværet forsvann raskt etter eit militærkupp i Sør-Jemen i 1986 og starten på perestrojka under Mikhail Gorbatsjov.[24]

Jemen-Djibouti-bruaEndra

Det har blitt annonsert ei mogeleg transkontinental bru frå Jemen til Djibouti via Perim, den såkalla Horn-brua. Med ei lengd på 28,5 km vil denne i så fall bli den lengste i verda. Etter finanskrisa i 2009 og aukande terrorisme og piratverksemd i regionen, har ein høyrt lite om prosjektet sidan juni 2010.[25]

KjelderEndra

  1. http://www.trismegistos.org/geo/authors_georef_list.php?tm=3616
  2. Captain, F. M. Hunter, An Account of the British Settlement of Aden in Arabia, London, 1877, s. 191.
  3. India Directory, or Directions for Sailing to and from the East Indies,[...], London 1836.
  4. Abstract of article «Perim Island, a volcanic remnant at the southern entrance to Raudehavet», by D.I.J. Mallick, Geological Magazine, Vol. 127, Issue 04/July 1990
  5. Perim Island: The Last Colonial Outpost
  6. Ali A. Hakim, The Middle Eastern States and the havrett, Manchester University Press, 1979, s. 12.
  7. Peter Pickering & Ingleby Jefferson (2012), Rainfall, section of Perim Island - The Last Colonial Outpost. Forum Gallery Aden. Accessed on 28. juni 2016.
  8. R.S.Whiteway, The Rise of Portuguese Power in India, 1497-1550, London, 1899, s. 153-157. https://archive.org/details/riseportuguesep00whitgoog
  9. Some British historians reported that the French occupied and even annexed the island i 1737 but a French naval historian found nothing about such an occupation in the logbook of the expedition. Henri Labrousse, Récits de la Mer Rouge et de l'Océan Indien, Paris, Economica, 1992, s. 74.
  10. R. J. Gavin, Aden Under British Rule, 1839-1967, Harper & Row Publishers Inc, New York, 1975, s. 95 (also note 20)
  11. Contemporary French archives indicate that neither the French government nor the French navy showed interest in Perim. Nevertheless, the episode gave birth to a Royal Navy urban legend according to which during the frigate's stopover in Aden, the French captain and officials were wined and dined until they were too intoxicated to set sail, giving time to the British to quickly dispatch a vessel to Perim to hoist the British flag. C. R. Low, Historie på Indian Navy (1613-1863), Volume 2, s. 385-386.
  12. Gavin, s. 94-95.
  13. Peter Pickering & Ingleby Jefferson (2012), Perim Lighthouse, section of Perim Island - The Last Colonial Outpost.
  14. Gavin, s. 178.
  15. Gavin, s. 181-182.
  16. Gavin, s. 184.
  17. Gavin, s. 183.
  18. Gavin, s. 181.
  19. 19,0 19,1 Gavin, s. 291.
  20. Fred Halliday, Revolution and Foreign Policy, the Case of Sør-Jemen, 1967-1987. Cambridge University Press, 1990, s. 11.
  21. Hakim, s. 17-18.
  22. Hakim, s. 14-15.
  23. Halliday, s. 175-176
  24. Melvin A. Goodman, Gorbachev's Retreat: The Third World, Praeger, 1991, s. 87-88.
  25. http://basementgeographer.com/bridge-of-the-horns-cities-of-light-will-they-ever-actually-be-built/