Lavskrikje

fugleart i kråkefamilien, i ordenen sporvefuglar
(Omdirigert frå Perisoreus infaustus)
Lavskrikje
Lavskrikje
Lavskrikje
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Lavskrikje
Utbreiinga av Lavskrikje
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Perisoreus
Art: Lavskrikje P. infaustus
Vitskapleg namn
Perisoreus infaustus

Lavskrikje eller lavskrike (Perisoreus infaustus) er ein kråkefugl som førekjem i lavkledd barskog frå Noreg til austre Sibir, og er ein utprega standfugl innanfor utbreiingsområdet. Lavskrikja kjennast igjen på den gråbrune livlege fjørdrakta, og ho har ei klår rustraud farge på vengteikningane, stjerten, og overgumpen. Lavskrikja er kjent for å vere mykje uredd, og nærmar seg ofte til menneske i skogen for søk etter føde. Ho har òg spelt ei viktig rolle i folklore.

Utsjånad, feltkjenneteikn og læte endre

 
Lavskrikja et gjerne brød
 
og flyg i veg med byttet

Lavskrikja er mindre enn dei fleste kråkefuglar, har ein gjennomsnittleg lengd på 26-29 centimeter, eit vengespenn på 40-46 centimeter og ei vekt på 80-95 gram. Ho er moneleg mindre enn slektningen nøtteskrikje (Garrulus glandiarius) og litt større enn gråtrast. Den mykje iaugefallande fjørdrakta er gråbrun med ein brunsvart krone og rustraud overgump, liksom stjertsidene. Mellomste pennparet på stjerten er oskegrå. Også vengknokane er klårt rustraude på oversida, tydlegast synleg i flukta. Strupen er gråaktig, det svarte nebbet er lite og rettpeikande og fjørene på naseopningane dannar ein liten beige fjørdusk over nebbet. Augo og tarsen er svarte. Kjønna og er like, men hoene er litt mindre og unge lavskrikjer skil seg med eit noko brunare ryggparti og meir einsfarga fjørdrakt.

Flukta er smidig og roleg, med glidande innslag og dei brukar å røre seg frå tre til tre. Dei kan ofte minne om ei stor meis når ho klatrar opp og ned greinene.[1]

Læte endre

Lavskrikja er stort sett taus, men trass det har ho eit mykje breitt register og mange lyder liknande på nøtteskrikjer.[2] I blant kan det høyrast eit kort, jamrande gee, eit stigande kui samt eit noko tynnare kiij. Når fuglen er opphissa kan han gje eit skrikande, høgt kreeh eller mjauande ”geeeh”; begge lydar har mange likskapar med nøtteskrikja, men lyder frå lavskrikja er spedare. Songen er sjeldan høyrt, jamring, kvitrande og kvislande fuglesong som berre kan høyrast innanfor cirka 20 meters avstand. Begge kjønna syng.[2]

Utbreiing og taksonomi endre

Lavskrikja er ein standfugl som lever over store delar av den nordre barskogsregionen frå Fennoskandia, gjennom Russland austover til Stillehavet.

Lavskrikja var ein av artene som Linné opphavleg skildra i sin Systema Naturae frå 1700-talet. Han plasserte ho i gruppa saman med kråkefuglar under namnet Cractes infaustus.[3]

Storparten av dei ti underartane som arten delast opp i vart skildra i byrjinga av 1900-talet av Peter Petrovic Sushkin, Boris Stegmann og Sergei Alexandrovich Buturlin, aktive ved den ornitologiske avdelinga på Zoologisk institutt ved Det russiske vitskapsakademiet.[4]

Følgjande listing av underartar med utbreiing er etter Larsson 2001:

  • Perisoreus infaustus infaustus - nominatforma finst i sentrale og nordre Skandinavia, i nordre Finland og på Kolahalvøya
  • Perisoreus infaustus ostjakorum (Sushkin & Stegmann, 1929) - finst i nordeuropeiske delen av Russland nord om 64° N og aust til floda Jenisej.
  • Perisoreus infaustus ruthenus (Buturlin, 1916) - finst frå Onegasjøen og aust til områda kring Barnaul og Tomsk i vestre Sibir.
  • Perisoreus infaustus yakutensis (Buturlin, 1916) - finst frå Jenisej og aust til Tsjukotka.
  • Perisoreus infaustus opicus (Bangs, 1913) - finst i sentrale og vestrussiske områda av fjellkjedene Altai og Sayan.
  • Perisoreus infaustus rogosowi (Sushkin & Stegmann, 1929) - finst i Sentral-Sibir, frå områda kring Tomsk og aust til områda kring Irkutsk.
  • Perisoreus infaustus sibericus (Boddaert, 1783) - finst i nordre Mongolia og aust til Transbajkal.
  • Perisoreus infaustus varnak (Sushkin & Stegmann, 1929) - finst i fjellkjeda Stanovoy og kring dei øvre delane av Amur i Aust-Sibir.
  • Perisoreus infaustus sakhalinensis (Buturlin, 1916) - finst i områda kring dei nedre delane av Amur og i Sakhalin
  • Perisoreus infaustus maritimus (Buturlin, 1915) - finst i Primorskij kraj og nordaustre Heilongjiang.

Førekomst i Noreg endre

Lavskrikja lever i barskog på Austlandet nordover til Tana og Stabbursdalen, og i Aust-Finnmark. Ho finst berre sporadisk i Nordland og Troms fylke. Storleiken på populasjonen i Noreg er ikkje kjent, men grovt estimert til 10 000 til 50 000 par.[5]

Økologi endre

Habitat endre

Lavskrikja trivst i gammal granskog rik på lav, arten kan dessutan observerast i andre typar av barskog. Dei føretrekkjer gamle, lukka skogar, oftast eldre enn 60 år. Tett skog gjev effektivt vern mot predatorar som eksempelvis hønsehauk.[6] Dei vaksne fuglane nyttar meir tid på marka og til søk etter føde i skogar dominert av gran enn i skog som er dominert av furu med høge stammar. Dei nyttar den mest tette skogen mykje sparsamt, likevel kan slik skog brukast av ungfuglar nyleg komne ut frå reiret.[6]

Hekking endre

Hekkinga tar til frå slutten av mars til byrjinga av april. Reiret vert bygd av begge kjønna, og består av ein base av pinnar, kvistar, lav og bark. Det er nøye konstruert, plassert lågt og tett mot ein trestamme av gran, bjørk eller furu. Reiret fôrast med never og fjør frå ulike artar hønsefuglar som storfugl, orrfugl og ryper. Iblant har ein observert lavskrikje plukke opp fjører som først blir plassert i borksprekkjer i tre, for seinare bruk som reirmateiale.[7] Hoa legg 3-5 egg som er skittenkvite med grønaktig skjær, teikna med grå og grønbrune flekker. Rugetida er ca. 20 dagar. Begge kjønna matar ungane i rundt 20-24 døgn, i denne perioden er fuglane veldig varsame for å unngå at reiret blir oppdaga. Kråke, ramn og nøtteskrikje er dei fremste årsakene til ei mislukka hekking, og jamvel ekorn angrip reirplassen. Hekkesuksessen har vist seg å vere mindre i revir med bland anna avfallsplassar der andre kråkefuglar finst. Lavskrikja har større framgang i område med relativt tett eldre skog en i fragmentert skog. Storleiken på reviret varierer mellom 50 og 150 hektar.

Føde og næringssøk endre

Lavskrikja er altetar og dietten deira er stort sett bær, særleg blåbær, samt mindre pattedyr, insekt, fugleungar, og sopp, etter kva det er tilgang på.[6]

Frå og med juli til den første snøen fell, hamstrar lavskrikjene mat til vinteropplag.[7] Føda samlast inn individuelt og mest alle lavskrikjer tar av sina eigne forråd. Lavskrika finn att ca. 90 % av hamstra matbitar, noko som krev ein mykje høg minnekapasitet.[7]

Under høgvinteren senker lavskrikja kroppstemperaturen for å spare energi, og er mykje inaktiv.[7]

Dette er ingen sky fugl og turgåarar i skog får ofte sjå fuglen som kan oppføre seg nysgjerrig nær menneske. Etter berre kort tid kan ville lavskrikjer mykje vel late seg handmata likt ein tam gråsporv gjer.

Namn og folklore endre

Fleire stader har lavskrikja ord på seg for å bringe uflaks. I Noreg har namnet ulykkesfugl vore brukt lokalt.[8] Det vitskaplege namnet er Perisorenus infaustus, som ordrett omsett tyder "Ulykkesbringande pratmakar".[9]tysk heiter arten Unglücksheher (lit. Ulykkesskrikje). Folkesegn seier att ho høyrte huldra og det underjordiske, og att ho ikkje lèt skogsfuglfellene vere i fred. Om ein skaut lavskrikje vart ikkje våpenet brukbart etterpå.[9] Lavskrikja fekk det vitskaplege namnet i 1819,[9] og namnet er nemnt første gongen rundt 1730.[10]Linné sin elev, doktor Johan Otto Hagstrøm, skreiv dette frå reisa si i Jemtland 1749:

«Om en skytt möter fågeln rökiuxan uti skogen, så skal han omöjligen få skiuta något djur den dagen. Om en resande råkar få se samma olyksfågel rökiuxan, så händer honom något ledsamt om dagen.»

Jemtlands Oeconomiska Beskriftning eller Känning, I akt tagen på en resa om sommaren 1749 af Joh.Otto Hagström. M.D., Stockholm

I Noreg er andre lokale namn på arten mellom anna raudskjor, raudskrike, tellkjuksa og lavkjosa.[8]

Kjelder endre

 
Illustrasjon av lavskrikjer frå Naumanns fuglebok Naturgeschichte der Vøgel Mitteleuropas frå 1905.
  • Henning Anthon (1995) Fågelboken, (omtryck), ISBN 91-37-10481-0
  • Lars Larsson (2001) Birds of the World, cd-rom

Fotnotar endre

  1. Bertel Bruun, Lars Svensson, Håkan Delin: Alla Europas fåglar i farge, 1989, åttonde upplagan. ISBN 91-34-50858-9. 
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  3. Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata., Holmiae. (Laurentii Salvii)., 1758. 
  4. Department of Ornithology (2007) History; until mid 20th century, www.zin.ru, lest 2008-08-15
  5. Jørgensen, Finn. Norsk vinterfuglatlas: Fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid. Trondheim: Norsk ornitologisk forening. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «ArtDatabankens faktablad: lavskrika» (PDF). Henta 5 augusti 2008. [daud lenkje]
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Ulfstrand: Fågelliv, 2007, s. 89-99. ISBN 978-91-7247-162-7. 
  8. 8,0 8,1 Vik, Rolf; Karl Aage Tinggaard (1962). Fuglene i farger. Oslo: Aschehoug (W. Nygaard). 
  9. 9,0 9,1 9,2 Lundewall: Fåglar i Norden, 1988, andra upplagan, s. 229. ISBN 91-534-1665-1. 
  10. «Sveriges ornitologiska førening - Lavskrikja». 


Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lavskrikje