Pest (slovakisk Pešť, kroatisk Pešta, serbisk Пешта) er i dag den austlege delen av Budapest i Ungarn, og utgjer omtrent to tredjedelar av området til Budapest. Han er delt frå Buda, den andre delen av Budapest på motsett side av elva Donau. Blant dei viktigaste delane er Indre by, blant anna Det ungarske parlamentet, Plassen til heltane og Andrássy Avenue. I dagleg tale på ungarsk blir Pest ofte brukt som synonym på heile byen Budapest.

Pest

Buda og Pest var opphavleg to ulik byar, men vart sameint i 1873. Det er ein del ulike forklaringar til kvar namnet Buda kjem frå. Ein teori seier at hunarkongen Attila hadde ein son ved namn Buda, og det var han som gav namn til byen. Ein annan teori, som er meir sannsynleg, er at det kjem frå det slaviske orda Voda for «vatn», og at det er avleidd frå dette. Namnet Pest kjem frå eit slavisk ordet Pjecs i tydinga «omn, komfyr». Byen har fått dette namnet i minne av dei omnane der folket brann murstein for husbygging.

Før samanslåinga var Pest ein sjølvstendig by. Referansar til han i skriftlege kjelder blir datert tilbake til 1148. Før låg det keltiske og romerske busetjingar her. Pest vart eit viktig økonomisk sentrum i løpet 1000-1200-talet. Han vart øydelagt i 1241 under mongolinvasjonen, men bygd opp att kort tid etter. I 1838 fløymde Donau over og oversumde byen. I 1849 vart den første brua i fritt spenn, Széchenyi lenkjebru, strekt over Donau og knytte Pest med Buda. Som ein konsekvens vart dei to byane sameint i 1873 med Óbuda for å bli Budapest.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre