Peter Lawrence Staples (fødd 3. mai 1944)[1] er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som den opphavlege bassisten i det engelske 60-talsbandet The Troggs.

Pete Staples

Fødd3. mai 1944 (79 år)
FødestadAndover i Hampshire
OpphavStorbritannia
Aktiv1961–
Instrumentbassgitar
Verka sommusikar

Biografi endre

Staples og gitaristen Chris Britton slutta i gruppa Ten Feet Five i 1964 for å skipe The Troggs med solovokalisten Reg Presley og trommeslagaren Ronnie Bond.[1] Dei fekk ni singlar inn på singellistene mellom midten av 1966 og tidleg i 1968. Stables gifta seg i 1968 og slutta i gruppa året etter.

Etter The Troggs vart Staples først pubeigar og så elektrikar.[2] Han skipa sidan eit band kalla The Wild Thing og er framleis aktiv som musikar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2002) The Great Rock Discography, Canongate, ISBN 1-84195-312-1. p. 1073-5
  2. Clayson, Alan. (2000) Rock's Wild Things: The Troggs Files, Helter Skelter, ISBN 1-900924-19-6

Bakgrunnsstoff endre