Peter I Øy

(Omdirigert frå Peter 1.s øy)

Peter I Øy[1] er ei folketom vulkansk øy i Bellingshausenhavet, 450 km frå Antarktis. Ho er gjort krav på som eit biland av Noreg, og i lag med Dronning Maud Land og Bouvetøya utgjer ho eitt av tre norske biland i Antarktis og Subantarktis. Peter I Øy er 19 km lang, 11 km brei og 156 km2 stor. Det høgaste punktet er den 1640 meter høge Lars Christensen-toppen. Nesten heile øya er dekt av isbrear og ho er det meste av året omgjeve av pakkis, og er derfor utilgjengeleg det meste av året. Det er lite liv på øya, men det finst noko sjøfugl som sørhavhest og sel.

Peter I Øy
øy og norsk biland
Land  Noreg
Status Flagget til Noreg Norsk biland
Stad Bellingshausenhavet
 - koordinatar 68°50′S 90°35′W / 68.833°S 90.583°W / -68.833; -90.583
Høgaste punkt
 - stad Lars Christensen-toppen
 - høgd 1 640 moh.
Areal 154 km²
 - Isdekt 146 km²
Folketal 0
Kravd 2. februar 1929
Annektert 6. mars 1931
Biland 24. mars 1933
Antarktistraktaten 23. juni 1961
Kart
Peter I Øy
68°51′00″S 90°35′00″W / 68.85°S 90.583333333333°W / -68.85; -90.583333333333
Peter I Øy is located in Antarktis
Peter I Øy (Antarktis)
Wikimedia Commons: Peter I Island

Øya vart oppdaga av Fabian Gottlieb von Bellingshausen den 21. januar 1821 og kalla opp etter Peter I av Russland. Det gjekk derimot heilt til 2. februar 1929 før nokon gjekk i land på øya, då Nils Larsen og Ola Olstad under den andre Norvegia-ekspedisjonen, finansiert av Lars Christensen, klarte dette. Dei gjorde krav på øya for Noreg, som annekterte ho i 1931 og gjorde ho til eit biland i 1933, Neste gongen nokon gjekk i land på øy var i 1948 og øya har sidan vore åstad for enkelte vitskaplege undersøkingar og noko turisme. Øya vart underlagt Antarktistraktaten i 1961. Sidan 1987 har det stått ein automatisk vêrstasjon på øya.

Historie endre

Peter I Øy vart sett første gong den 21. januar 1821 av Fabian Gottlieb von Bellingshausen og ekspedisjonen hans,[2] med skipa «Vostok» og «Mirnyy» under russiske flagg. Han kalla opp øya etter tsar Peter den store av Russland. Pakkisen gjorde det ikkje mogeleg for Bellinghausen å kome nærare enn 25 km frå øya. Det vart det første landområdet som vart oppdaga sør for Den antarktiske polarsirkelen, og var dermed òg det sørlegaste punktet som var oppdaga på den tida.[3] I januar 1910 såg den franske ekspedisjonen leia av Jean Charcot og skipet hans «Pourquoi-Pas» stadfesta oppdaginga til Bellingshausen, men dei stoppa 5 km frå øya på grunn av pakkisen.[3]

 
Den første landgangen øya i 1929

I 1926 og 1927 segla norske Eyvind Tofte kring øya og kartla ho frå «Odd I», men heller ikkje han kom seg bort til øya for å gå i land.[3] Den norske kvalbåtreiaren Lars Christensen finansierte fleire ekspedisjonar til Antarktis, dels for forskinga sin del og dels for å krevje landområde for Noreg. Sistnemnde var motivert av at britane skattla kvalstasjonar i Antarktis, og Christensen håpte han kunne oppretta stasjonar i norske område for å betre desse tilhøva slik at skatten gjekk til Noreg i staden.[4] Den første ekspedisjonen som gjekk i land på øya var den andre «Norvegia»-ekspedisjonen, finansiert av Christensen, leia av Nils Larsen og Ola Olstad. Dei gjekk i land den 2. februar og gjorde krav på øya for Noreg. Larsen prøvde å gå i land igjen i 1931, men vart hindra av pakkisen.[3] Den 6. mars 1931gjorde Noreg krav på øya under norsk statsvelde[4] og den 23. mars 1933 vart øya erklært som norsk biland.[3][5]

Neste gong øya vart vitja var 10. februar 1948 av skipet til Larsen, «Brategg». Det vart gjort biologiske, geologiske og hydrografiske undersøkingar av øya i over tre dagar, før pakkisen tvinga ekspedisjonen bort. Ekspedisjonen bygde ei hytte og sette ut ein kopi av dokumentet frå 1929 der Noreg gjorde krav på øya. 23. juni 1961 vart Peter I Øy underlagt Antarktistraktaten, etter at Noreg signerte avtalen i 1959.[6][7] Sidan den gong har det vore fleire landgangar på øya av forskjellige land for å utføre vitskaplege undersøkingar,[3] i tillegg til fleire turistskip som har klart å nå fram til øya.[2]

I 1987 sendte Norsk Polarinstitutt Aurora-ekspedisjonen med fem forskarar til øya og dei var der i elleve dagar. Hovudmålet var flyfotografi og topografiske målingar for at øya kunne kartleggast nøyaktig. Det andre målet var å undersøke sjølivet kring øya, i tillegg til geologiske, biologiske og andre undersøkingar. Laget sett òg opp ein automatisk vêrstasjon.[8] Tre DX-pedition er sendt til øya i 1987, 1994 og 2006.[9][10][11] I 2005 er det estimert at færre enn 600 menneske har sett fot på Peter I Øy.[2]

I 2004 er det lagt føringar frå offentleg norsk side om å bruke mindre midlar på forsking på Peter I Øy til fordel for Dronning Maud Land og Bouvetøya. Årsaka er dei store transportkostnadane.

Geografi endre

 
Kysten av Peter I Øy, vitja under ein ekspedisjon med RV «Polarstern» i 1994.

Peter I Øy er ei vulkansk øy 450 km utanfor kysten av Ellsworth Land i det antarktiske kontinentet. Ho har eit areal på 154 km2. Øya er nesten heilt dekt av isbrear,[1] med kring 95% av overflata dekt av is.[12]

Kring øya ligg ein 40 meter høg isfront og vertikale klipper.[13]

Flerie stader trenger klipper opp gjennom isen.[12] Det er berre mogeleg med ilandstiging tre stader, og berre i den korte tida av året då øya ikkje er omgjeve av pakkis.[13] Desse ilandstigingane finn stad på vestsida av Kapp Ingrid Christensen, ei halvøy mellom Norvegiabukta og Sandefjordbukta. Ved neset er det smale striper av ei strand, som høver seg for ilandstiging.[12] Stranda i Norvegiabukta er berre fire meter brei og inngangen er via den naturlege bogen kalla Tsarporten.[2] På vestsida ligg eit platå, medan ein på nord- og sørkysten finn isbremmar. Austsida er den brattaste og her står to bratte staurar med flate toppar ute i sjøen.[14]

Øya er ein skjoldvulkan, og sjølv om det ikkje er kjend om vulkanen framleis er aktiv, er han kategorisert som anten frå holocen eller frå historisk tid, basert på prøver som varierer frå 0,1 til 0,35 millionar år sidan. Toppen av Lars Christensen-toppen har eit 100 meter breitt sirkelforma krater.[15] Toppen har ei høgd på 1640 meter over havet og er kalla opp etter Lars Christensen. Det er ikkje kjend om vulkanen er utdøydd eller ikkje, men den øvre delen av vulkanen er ikkje erodert av isbrear, noko som indikerer at vulkanen har hatt utbrot ein gong dei siste hundreåra.[16]

Natur og klima endre

 
Kart over øya

Vegetasjonen på øya består berre av mosar og lav, som har tilpassa seg det ekstreme klimaet.[13] Øya har eit særs hardt maritimt polarklima med kraftig vind og låge temperaturar. Ho ligg like utanfor den ytre iskantgrensa. Den varmaste månaden er februar med −1 °C, medan det er kaldast i juli med −23 °C. Det jamne snøfallet gjer at det er minimalt med vegetasjon.[14] Øya er hekkestad for nokre få sjøfuglar, mellom anna sørhavhest,[13], oseanstormsvale og isterne. Pingvinar, som adeliepingvin og ringpingvin, vitjar stundom øya.[14] Det er fleire sel her, mellom andre krabbeetarsel, leopardsel[13] og noko sørleg sjøelefants.[14]

Politikk endre

Peter I Øy er eit av to av Noreg sine kravområde i Antarktis. Det andre er Dronning Maud Land.[1] Peter I Øy er det einaste kravet mellom 90 °W og 150 °W og er òg det einaste kravområdet som ikkje er ein sektor.[17] Sidan øya ligg sør for 60 °S, er ho underlagt Antarktistraktaten.[12] Avtalan sikrar fri tilkomst til øya for alle vitskaplege undersøkingar, og seier at ho berre kan nyttast til fredlege føremål. Noreg, Australia, Frankrike, New Zealand og Storbritannia har alle anerkjend kvar sine kravområde i Antarktis.[18]

Den norske administrasjonen av øya vert styrt av Polaravdelinga til Justisdepartementet, som ligg i Oslo.[19] Øya vart annektert som ein del av Bilandslova frå 24. mars 1933. Ho seier at norsk strafferett, privatrett og prosessrett gjeld på øya, i tillegg til andre lover som eksplisitt omtaler at dei spesifikt gjeld for øya. Lova stadfester òg at alt landområdet høyrer til staten og forbyr lagring og detonering av kjernefysiske produkt.[5]

Sidan 5. mai 1995 har norsk lov kravd at all norsk aktivitet i Antarktis, inkludert Peter I Øy, følgjer den internasjonale miljølova for Antarktis. Alle norske borgarar som planlegg aktivitetar på Peter I Øy må derfor rapportere dette til Norsk Polarinstitutt, som kan nekte ein å reise der. Alle som vitjar øya må følgje lover som vernar om naturen, avfallshandtering, forureining og forsikring for redningsoperasjonar.[20]

Skrivemåten av stadnamnet endre

Norsk Polarinstitutt (som er ansvarlege for normeringa av norske polare stadnamn[21]) har bestemt at øya heiter Peter I Øy[22]. Andre vanlege skrivemåtar er Peter 1.s øy og Peter Is øy.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Peter I Øy». Miljøstatus. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Rubin (2005): 180
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Barr (1987): 67
  4. 4,0 4,1 Kyvik et.al (2008): 52
  5. 5,0 5,1 «Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven)» (på norsk). Lovdata. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  6. «Parties». Secretariat av Antarktistraktaten. Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 25. oktober 2012. 
  7. Barr (1987): 79
  8. Barr (1987): 68
  9. «The FIRST Peter One DXpedition, 1987». Peter One. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  10. «The 1994 Peter I 3YØPI Expedition». Peter One. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 25. oktober 2012. 
  11. «We hope you enjoyed the 3YØX DX-perience!». Peter One. Arkivert frå originalen 13. februar 2004. Henta 25. oktober 2012. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Barr (1987): 65
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Peter I Øy». Norsk Polarinstitutt. Henta 25. oktober 2012. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 «Discover Peter I Øy on an Antarctic Cruise». Adventure Life. Arkivert frå originalen 30. juni 2009. Henta 25. oktober 2012. 
  15. «Peter I Øy». Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen 12. oktober 2004. Henta 25. oktober 2012. 
  16. LeMasurier (1990): 512
  17. Kyvik et.al (2008): 57
  18. National Research Council (U.S.). Polar Research Board (1986). Antarktistraktaten system: an assessment. National Academies Press. s. 370. ISBN 978-0-309-03640-5. 
  19. «Polar Affairs Department». Miljøvernsdepartmentet. Arkivert frå originalen 8. august 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  20. «Antarktis». Miljøvernsdepartmentet. Arkivert frå originalen 8. august 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  21. Norsk Polarinstitutt: Om fastsetjinga av polare stadnamn
  22. Norsk Polarinstitutt: Informasjon om Peter I Øy

Bakgrunnsstoff endre