Andreas Morell

norsk politikar
(Omdirigert frå Peter Andreas Morell)

Peter Andreas Morell (fødd Amundsen) (1. januar 186830. januar 1948) var ein norsk gardeigar og Høgre-politikar. Han var sosialminister frå 1926 til 1928.

Andreas Morell

Fødd1. januar 1868
Aker kommune, Christiania
Død30. januar 1948 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
VervNorsk sosialminister 1926–1928
FøregangarLars Oftedal
EtterfylgjarAlfred Madsen
VervStortingsrepresentant 1919–1927
VervOrdførar i Aker 1902–1907, 1911–1916
FøregangarWilhelm Færden
EtterfylgjarFrits Kiær, Sigurd Iversen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1919–1921)
  • Norges sosialminister (1926–1928)
  • ordførar i Aker (1902–1907)
  • ordførar i Aker (1911–1916)
  • vararepresentant til Stortinget (1903–1906)
  • vararepresentant til Stortinget (1906–1909)
  • vararepresentant til Stortinget (1910–1912)
  • stortingsrepresentant (1922–1924)
  • stortingsrepresentant (1925–1927) Sjå dette på Wikidata
Signatur

Morell var fødd i Christiania, far hans var brukseigar. Etter å gått på Ås høiere landbruksskole, arbeidde han på faren si mylne, Bjølsen Valsemølle. Han overtok farsgarden Nedre Grefsen i 1890, seinare kjøpte han gardane Storo og Østre Grefsen. Etter tilhøva dreiv han moderne gardsbruk, tok mellom anna tidleg i bruk elektriske anlegg i gardsdrifta. Han drog ofte utanlands, både på studieturar og feriereiser.

Morell var medlem av heradsstyret i Aker 1895-1909 og 1911-16, ordførar i Aker 1902-07 og 1911-16.

Han var 1. varamann til Stortinget mellom 1903 og 1912, og møtte større delar av perioden 1904-06. 1905-06 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han fekk fast stortingsplass i 1919, og sat fram til 1927. Nestformann i protokollkomiteen 1919-20. I perioden 1920-26 var han formann i sosialkomitéen. Morell var sosialminister i Ivar Lykke si regjering frå 1926 til 1928. Sidan var han frå 1928 til 1938 stempelpapirforvaltar.

Morell vart tildelt både 7. juni-medaljen, Kongens fortjenstmedalje i gull, Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje og storkorset av Dannebrogordenen.

Han døydde i Oslo i 1948.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

endre