Peter Bull

Peter Ludvig Munthe Bull (14. oktober 17654. oktober 1843) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Peter Bull
Fødd 14. oktober 1765
Kristiansund
Død

4. oktober 1843 (77 år)
Molde

Yrke embetskvinne / embetsmann, politikar

Bull var fødd i KvernesNordmøre, der far hans var prest. Han tok norsk juridisk eksamen. Frå 1812 var han fut i Råbyggelaget, berre etter eit år der vart han fut i Strinda. Fut i Romsdal 1818-34.

Bull representerte Romsdals amtStortinget i 1818. Han var medlem av sju komitear, mellom anna formann i ein komite om kronings-insigniane og sekretær i protokollkomiteen. Også vald til stortingsmann for 1821, møtte ikkje. Han var då under tiltale for sin medverknad i ei sak vedkomande ein sorenskrivar, vart dømd til å betale mulkt og sakskostnader. Grunna sjukdom møtte han heller ikkje i 1822.

Bull døydde på Røbekk i Bolsøy, i dagens Molde, i 1843.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914