Peter Gabriel (1980)

studioalbum av Peter Gabriel (1980)
(Omdirigert frå Peter Gabriel III)
Peter Gabriel (1980)
Studioalbum av Peter Gabriel
Språk engelsk
Utgjeve 23. mai 1980
Innspelt Våren og sommarren 1979
Studio Bath og Townhouse i London
Sjanger
Lengd 45:32
Selskap Charisma (Storbritannia)
Geffen (Nord-Amerika)
Mercury (Original US LP pressing)
Produsent Steve Lillywhite
Peter Gabriel-kronologi 
Peter Gabriel
(1978)
Peter Gabriel (1980) Peter Gabriel
(1982)


Singlar frå Peter Gabriel
  1. «Games Without Frontiers»
    Utgjeve: 9. februar 1980
  2. «No Self Control»
    Utgjeve: 10. mai 1980
  3. «Biko»
    Utgjeve: Juli 1980
  4. «I Don't Remember»
    Utgjeve: September 1980

Peter Gabriel er det tredje soloalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Gabriel, gjeve ut 23. mai 1980 på Charisma Records. Albumet vert rekna som det kunstnariske gjennombrotet til Gabriel som soloartist og sette han på kartet som ein av dei mest ambisiøse og nyskapande musikarane i rocken.[15] Gabriel utforska meir tydeleg politisk materiale me to av sine mest kjende singlar, antikrigssongen «Games Without Frontiers» (som nåde fjerdeplassen i Stobritannia) og anti-apartheid-songen «Biko», som minnast drapet på aktivisten Steve Biko.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[6]
Chicago Sun-Times3.5/4 stars[7]
Christgau's Record GuideB−[5]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[8]
Entertainment WeeklyA−[9]
Mojo5/5 stars[10]
Q4/5 stars[11]
Rolling Stone4/5 stars[12]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[13]
Uncut9/10[14]

I USA vart albumet kalla Peter Gabriel III. Albumet vert ofte berre kalla Melt etter plateomslaget til Hipgnosis. På strøymetenester vert albumet no kalla Peter Gabriel 3: Melt.

Detaljar endre

Den tidlegare bandkollegaen til Gabriel, Phil Collins, som tok over som vokalist i Genesis etter Gabriel, spelte trommer og syng korvokal på fleire av songane på albumet. Collins spelte trommer på «Intruder», som skal vere første gongen det vart nytta «gated reverb» som effekt på trommene. Denne effekten vart skapt av Steve Lillywhite, Collins og Hugh Padgham,[16] og vart nytta på Collins og Genesis sine innspelingar gjennom 1980-åra. Den særeigne lyden kom til via eksperiment av Lillywhite, Collins og Padgham då Gabriel kravde at verken Collins eller Jerry Marotta fekk bruke cymbalar på albumet. Gabriel sa: «Artistar som får fullstendig fridom døyr ein frykteleg død. Så, når du seier til dei kva dei ikkje kan gjere, så vert dei kreative og seier 'Åh, jo det kan eg', som er årsaka til at eg ikkje tillet cymbalar. Phil tok det bra. Marotta protesterte og det tok ei tid før han aksepterte det. Det er som å vere høgrehendt og så måtte skrive med venstrehanda.»[17]

Lyden var så signifikant og innverknadstung at både Gabriel, Padghm, Collins og Lillywhite har påstått det var deira ide. Public Image Ltd omtalte lyden som ei inspirasjonskjelde for albumet deira The Flowers of Romance,[18] der lydteknikaren var Nick Launay, som igjen arbeidde med Collins på det første soloalbumet hans, Face Value.[18] Paul Weller, som spelte med bandet sitt The Jam i eit nærliggjande studio, spelte gitar på «And Through the Wire». Gabriel meinte den intense gitarstilen til Weller var perfekt for sporet.

Albumet var produsert av Gabriel og Lillywhite og var det første og einaste albumet til Gabriel på Mercury Records i USA, etter at det vart avvist av Atlantic Records, som distribuerte dei to første soloalbuma til Gabriel og dei siste to albuma til Genesis. Då A&R-mann John Kalodner fekk høyre dei tidlege miksane av albumet i 1980, meinte han at det ikkje var kommersielt nok til å at dei kunne gje det ut og råda selskapet til kvitte seg med Gabriel. Då albumet sidan kom ut på Mercury fleire månader seinare, forstod Kalodner, som no arbeidde for det nyoppretta Geffen Records at han hadde gjort ein feil og fekk Geffen til å signere ein kontrakt med Gabriel.[19] Geffen gav ut albumet på ny i 1983 og har marknadsført det i USA sidan den gong.

«I Don't Remember» vart framført på turneen til Gabriel i 1978 for det andre albumet hans.[20] Ein tidlegare studioversjon var A-sida til den første singelen som kom ut før albumet på Charisma i Europa og Japan, men ein sjef i Charisma meinte at gitarsoloane til Robert Fripp ikkje var radiovenlege. Denne tidlegare versjonen hamna som B-sida til singelen «Games Without Frontiers» i staden. Denne versjonen har så langt ikkje kome ut på CD. Albumversjonen av denne songen kom ut på A-sida av ein 12" singel i USA og Canada.

Gabriel oppsummerte på spøk albumet som «Historia om eit sinn i forfall». Han la til: «Sinnstilstanden var definitivt noko eg interesserte meg for då eg skreiv albumet, men eg hadde ikkje planlagt det som eit konsept. Det var berre forskjellige songar, som kanskje alle hella same vegen.» Om «No Self Control» sa han: «Det er noko eg observerte i meg sjølv og andre folk. I ein depresjonstilstand må du skru på radioen, eller fjernsynet, gå til kjøleskåpet og ete, og sove er vanskeleg.»[21]

Plateomslag endre

Fotografiet vart teken av eit Polaroid SX-70-kamera. Designaren av omslaget, Storm Thorgerson sa: «Peter sjølv slo seg saman med oss i Hipgnosis for å deformere seg sjølv ved å manipulere polaroidbilete medan dei vart 'framkalt' ... Peter imponerte oss stort med korleis hans var på ein lite smigrande måte, og føretrekte det teatralske eller kunstnariske føre det kosmetiske.»[22]

Mottaking endre

I 1989 vart albumet rangert på 45. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.

I 2000 rangerte magasinet Q albumet på 53. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma. I 2006 plasserte Q albumet på 29. plassen på lista si over dei 40 beste albuma frå 1980-åra.[23]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Intruder»4:54
2.«No Self Control»3:55
3.«Start»1:21
4.«I Don't Remember»4:42
5.«Family Snapshot»4:28
6.«And Through the Wire»5:00
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Games Without Frontiers»4:06
8.«Not One of Us»5:22
9.«Lead a Normal Life»4:14
10.«Biko»7:32

Ein deutsches Album endre

Ein deutsches Album kom ut i juli 1980 som ein tyskspråkleg versjon av Peter Gabriel. Alle songane var spelte inn på nytt att, ikkje berre den tyske vokalen til Gabriel. To år seinare gav Gabriel ut Deutsches Album (1982), ein heilt annleis versjon av det fjerde albumet, Peter Gabriel (1982) (òg kjend som Security). I februar 1980 vart tyskspråklege versjonar av «Games Without Frontiers» og «Here Comes the Flood» gjevne ut på singel i Tyskland. Den tyske teksten var skriven av H. Konigstein.[24]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Eindringling»5:00
2.«Keine Selbstkontrolle»4:00
3.«Frag mich nicht immer» (kombinerer den instumentale «Start» med den tyske versjonen av «I Don't Remember».)6:04
4.«Schnappschuß (Ein Familienfoto)»4:26
5.«Und durch den Draht»4:28
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Spiel ohne Grenzen»4:07
7.«Du bist nicht wie wir»5:32
8.«Ein normales Leben»4:21
9.«Biko]»8:55

Medverkande endre

Salslister endre

Album endre

År Liste Plassering
1980 Billboard Pop Albums 22
1980 UK Album Chart 1[25]

Single endre

Dato Singel Liste Plassering
1980 Games Without Frontiers Billboard Pop Singles 48
Feb 1980 Games Without Frontiers UK Singles Chart 4
Mai 1980 No Self Control UK Singles Chart 33
Aug 1980 Biko UK Singles Chart 38

Salstrofé endre

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 2. juni 1980

Salstrofé og salstal endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[26] Gull 259,400[27]

Kjelder endre

  1. Thomson, Graeme. «Peter Gabriel - the first four solo albums remastered». Uncut. Arkivert frå originalen 30. november 2018. Henta 16. mars 2020. 
  2. Classic Rock, issue 209, page 58
  3. Roberts, Chris. «Peter Gabriel 3: «Melt» 30 Years on By Chris Roberts». The Quietus. 
  4. Christopher, Bahn. «Peter Gabriel: Peter Gabriel (a.k.a. III/Melt)». The A.V. Club. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1990). «Peter Gabriel: Peter Gabriel». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 23. februar 2020. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Peter Gabriel – Peter Gabriel». AllMusic. Henta 23. februar 2020. 
  7. DeRogatis, Jim (4. juli 1993). «A Solo Diskografi». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 19. november 2018. Henta 14. mars 2020. 
  8. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  9. Brunner, Rob (12. juli 2002). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 3». Entertainment Weekly: 84–85. 
  10. Easlea, Daryl (November 2015). «Peter Gabriel: Peter Gabriel». Mojo (264): 104. 
  11. «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1: 'Car' / Peter Gabriel 2: 'Scratch' / Peter Gabriel 3: 'Melt' / Peter Gabriel 3: 'Ein Deutsches Album' / Peter Gabriel 4: 'Security' / Peter Gabriel 4: 'Deutsches Album'». Q (352). November 2015. 
  12. Marsh, Dave (18. september 1980). «Peter Gabriel (3)». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 16. mars 2020. 
  13. Considine, J. D. (2004). «Peter Gabriel». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4. utg.). Simon & Schuster. s. 319–20. ISBN 0-7432-0169-8. 
  14. Thomson, Graeme (November 2015). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1 ('Car') / Peter Gabriel 2 ('Scratch') / Peter Gabriel 3 ('Melt') / Peter Gabriel 4 ('Security')». Uncut (222): 88–89. 
  15. Erlewine, Stephen Thomas. «Peter Gabriel Biography». AllMusic. Henta 16. mars 2020. 
  16. Robyn Flans (1. mai 2005). «Classic Tracks: Phil Collins' «In the Air Tonight»». Mix. Arkivert frå originalen 17 Mars 2007. 
  17. Blake, Mark (Desember 2011). «Cash for questions: Peter Gabriel». Q: 44–46. 
  18. 18,0 18,1 M, Scott (February 2003). «Nick Launay interview». Fodderstompf.com. F&F Publishing. Henta 24. februar 2007. 
  19. Wade, Dorothy and Justine Picardie (1990). Music Man: Ahmet Ertegun, Atlantic Records, and the Triumph of Rock 'n' Roll, Norton, ISBN 0-393-02635-3, pp. 247-249.
  20. https://www.youtube.com/watch?v=otiHcmbk01w
  21. Capital Radio intervju med Nicky Horne, sendt 16 Mars 1980; transkribert i Gabriel-fanzinen White Shadow (#1, pp9) av Fred Tomsett
  22. Classic Rock 2010 calendar
  23. Q 2006. august Issue 241
  24. «Peter Gabriel 45rpm Cat». 45cat.com. 
  25. «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 15. mars 2020. 
  26. «French album salstrofé – Peter Gabriel – Peter Gabriel» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  27. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 18 Oktober 2011. Henta 31. august 2011.