Opna hovudmenyen

Peter Hansson Hognestad (12. november 18661. september 1931) var ein norsk prest, biskop, forfattar og salmediktar.

Peter Hognestad
Fødd 12. november 1866
Time
Død

1. september 1931
Bergen

Yrke språkforskar, prest, omsetjar, skribent, bibelomsetjar

Hognestad vart fødd i Time kommuneJæren, og voks opp i grenda Hognestad. Han utdanna seg innan teologi, og vart Cand.theol. i 1891.

Hognestad var ein aktiv målmann som i 1903 vart tilsett som stiftskapellan i Oslo stift for å halda gudstenesternynorsk. I 1908 gav han ut den nynorske utgåva av tekstboka til den norske kyrkja. Han deltok i utforminga av Altarboka frå 1920 og Nynorsk salmebok frå 1925.

I 1908 vart Hognestad tilsett som lærar i gammaltestamentleg teologi ved Menighetsfakultetet. I 1916 vart han biskop i Bjørgvin bispedøme. Han var engasjert i arbeid for fred, avhald og økumenisme.

Hognestad er mellom anna kjend for å ha omsett salmen «Det hev ei rosa sprunge».

UtgjevingarEndra

  • Hovudredaktør for Studentmållagsbibelen, som kom ut i 1921. Den fyrste heile utgåva av Bibelen på landsmål
  • Tekstbok og altarbok for Den norske kyrkja 1908
  • Nynorsk salmebok saman med Anders Hovden og Bernt Støylen i 1925
  • Meiningar om Jesus 1907, ein kritikk av Arne Garborg si Jesus Messias
  • Det gamle testamentet og bibelsoga 1912
  • Preikaren 1915
  • Daapskristendom og vekkjingskristendom 1918
  • Kyrkja er mor 1925
  • Olsok; med minne og maning 1930
  • Gud styrer 1931
  • Kvila i Gud 1933

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra