Peter Julius Blom
norsk politikar
Peter Julius Blom (23. mars 1820–9. mai 1902) var ein norsk jurist og byråkrat, fødd i Våle i Vestfold. Han var son til Gustav Peter Blom.
Peter Julius Blom | |||
Fødd | 23. mars 1820 | ||
---|---|---|---|
Død | 9. mai 1902 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Gustav Peter Blom | ||
Alle verv |
|
Peter Julius Blom vart cand.jur. i 1845. Frå 1854 var han tilsett i politiet i Drammen, fyrst som assistent, frå 1863 som politimeister. Sidan var han byfut i Porsgrunn frå 1870, og sorenskrivar 1881-97 i Nordre Jarlsberg. Blom representerte Porsgrunn i stortinget 1874-76, medlem i Gasje-og pensjonskomiteen.
Blom flytta til hovudstaden og døydde der.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914