Peter Paul Rubens
Den flamske målaren Peter Paul Rubens var si tids mest berømte nordeuropeiske kunstnar, og no er han ein av dei mest respekterte målarane i vestleg kunsthistorie.
Peter Paul Rubens | |
Statsborgarskap | Dei sørlege Nederlanda |
Fødd | 28. juni 1577 Siegen |
Død | |
Yrke | diplomat, kunstmålar, grafikar, grafikar, bygningstegner, bilethoggar, biletkunstnar |
Språk | nederlandsk, tysk, italiensk, spansk |
Medlem av | Antwerpen Sankt Lukas Gilde |
Religion | katolisisme |
Far | Jan Rubens |
Mor | Maria Pypelinckx |
Ektefelle | Isabella Brant, Hélène Fourment |
Peter Paul Rubens på Commons |
Far hans vart forfølgd for den protestantiske, kalvinistiske overtydinga si, og etter hans død vart sonen jamvel oppdregen som katolikk. Denne konflikten kom til å prege kunsten hans.
Rubens sin kunst er prega av kjærleiken hans for monumentale former og dynamiske effektar. Mest kjem det fram i verka hans frå 1620-åra, mellom anna ein syklus beståande av 21 bilete over livet til Marie de Medici. I dag kan ein sjå desse bileta i Louvre i Paris.
Det siste tiåret av livet hans vende han seg mot portrett og landskap. Verka hans var ikkje lenger så dramatiske, men dei atterspegla den meisterlege kontrollen av detaljar og tekniske ferdigheiter.