Peter Raadsig
Johan Peter Raadsig (18. oktober 1806–1. juli 1882) var ein dansk sjangermålar. Han måla særleg portrett og historiske måleri.
Peter Raadsig | |
![]() | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 18. oktober 1806 København |
Død | |
Yrke | kunstmålar |
Peter Raadsig på Commons |
Johan Peter Raadsig var son av styrmannen Søren Christian Raadsig, som omkom ved ei forlis i 1808, og Ellen Pouline (fødd Poulsen). Ho gifta seg opp att med godsforvaltaren S.D. Engell på Skjoldenæsholm. I nokre år av barndommen budde Raadsig med mora og stefaren, seinare blei han send til København. Etter konfirmasjonen blei han sett i målarlære. Han gjekk gjennom Det Kongelige Danske Kunstakademi og vann sølvmedaljar der. I 1833-40 kjøpte Den Kongelige Malerisamling fire av verka hans.

Raadsig reiste til Roma i 1841, der han blei verande i fire år før han deretter var i München i eitt. I konkurranse med «en så stor kreds af unge og lovende kunstnere» oppnådde han ikkje eit heilt kunstnarstipend, men måtte klara kostnadane sjølv. Det hjelpte at Malerisamlingen kjøpte to til av bilda hans, meisterverket En Relikviehandler og Abbeden af Bækkeskov etter at han kom heim.
Peter Raadsig er gravlagd på kyrkjegarden til Valsølille kyrkje ved Ringsted.
Kjelder Endra
- Philip Weilbach, Dansk biografisk Lexikon 13, s. 332
- Denne artikkelen bygger på «Johan Peter Raadsig» frå Wikipedia på dansk, den 31. mai 2016.