Petter Amundsen

Petter Amundsen (fødd 29. juli 1962) er ein norsk organist og forfattar som også vert omtalt som amatørkryptograf.

Petter Amundsen
Fødd 1962 (59 år)
Yrke organist, musikar

Amundsen er organist ved Holmenkollen kapell i Oslo.

Shakespeare-teoriEndra

Amundsen er kjend for spekulative teoriar om William Shakespeare, mellom anna at Francis Bacon, saman med nevøen sin Henry Neville og det løynlege brorskapet rosenkrossordenen, var dei eigentlege forfattarane av verka til Shakespeare. Teorien fekk brei omtale i eit program på NRK.

I 2009 kom TV-serien Shakespeares skjulte koder ut. Serien hadde fire episodar og handlar om det same som boka. Her vart sjåarane med Amundsen til øya Oak Island. Den britiske Shakespeare-eksperten Stanley Wells kalla teorien for ein «intellektuell leik». Den 13. april 2012 hadde ein film om hypotesane til Amundsen, Shakespeares skjulte sanning, premiere i ei rekkje norske byar.

UtgjevingarEndra

I eit samarbeid med forfattaren Erlend Loe gav Amundsen i 2006 ut boka Organisten. I boka står det om Amundsens kodefunn, teknikkar og fremgangsmåter.

I 2012 vart det utgjeve ei E-bok skrivem av Amundsen, Oak Island and the Treasure Map in Shakespeare.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra