Petter Laukslett Tande (fødd 11. juni 1985) i Trondheim er ein norsk, tidlegare kombinertrennar som representerte Byåsen IL. Han var med på det norske laget som vart verdsmeistrar i lagtevlinga under VM 2005 i Oberstdorf. Både under VM 2007 i Sapporo og VM 2009 i Liberec vann han bronse i lagtevlinga. Han vart nummer to i verdscupen i kombinert i 2008-sesongen, og vann mellom desember 2005 og mars 2008 seks renn i verdscupen.

Petter Tande

Petter Tande jumps from Holmenkollen.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1985
Oslo
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

AktivEndra

Tande debuterte i verdscupen i kombinert i 2002, og fekk sin fyrste pallplass i Trondheim i desember 2003. Heilt til topps i eit verdscuprenn kom han fyrste gongen 17. desember 2005, då han i Ramsau i Austerrike vann eit renn med massestart.

Under Ski-VM i 2005 i Oberstdorf gjekk Tande fyrsteetappen i langrennet for Noreg i lagtevlinga, og saman med Håvard Klemetsen, Magnus Moan og Kristian Hammer gjekk han Noreg inntil VM-gull. I dei individuelle tevlingane vart Tande nummer sju og ni. Året etter, under vinter-OL 2006 i Torino, tapte Tande kampen om bronsemedaljen i den fyrste kombinertøvinga med 0,1 sekunds margin mot landsmannen Moan.

Saman med Klemetsen, Espen Rian og Moan fekk Tande bronsemedaljar i lagtevlinga i ski-VM 2007 i Sapporo. Tande og Moan var med då det to år seinare på ny vart bronsemedalje for Noreg i verdsmeirsterskapen i Liberec, nye på laget var Mikko Kokslien og Jan Schmid.

Frå 6. januar til 9. mars 2008 deltok Tande i fire renn i verdscupen og vann alle. Sesongen samla kom han på andreplass i verdscupen, berre slått av Ronny Ackermann frå Tyskland.

Under vinter-OL 2010 i Vancouver vart Tande beste nordmann i halvprogrammet med ein sjetteplass. Vinteren 2011 gjekk han lei og la opp som kombinertrennar før sesongen var over.

Besteplasseringar i internasjonale rennEndra

  • 2002: Nr 29 i Trondheim - sprint
  • 2003: Nr 4 i Lahti - sprint
  • 2004: Nr 2 i Sapporo - sprint
  • 2005: Nr 4 i Trondheim og Ruhpolding (begge sprint) og i Lahti (normal)
  • 2006: Vinnar i Ramsau (massestart) og i Holmenkollen
  • 2006/07: Nr 5 i Ramsau
  • 2008: Vinnar i Schonach, Liberec, Lahti og Holmenkollen
  • 2009: Nr 2 i Vikersund
  • 2009/10: Nr 2 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

Kjelder og bakgrunnsstoffEndra