Phillip Wilson
Phillip Wilson (8. september 1941–25. mars 1992) var ein USA-amerikansk jazztrommeslagar. Han var med å starte opp Art Ensemble of Chicago og var medlem av Paul Butterfield Blues Band, som han kom med i 1967. Han spelte inn tre album med gruppa.
Phillip Wilson | |||
Fødd | 8. september 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | St. Louis, Missouri, U.S. | ||
Død | Mal:Death date | ||
Dødsstad | New York City | ||
Fødenamn | Phillip Sanford Wilson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960–1992 | ||
Sjanger | Jazz, frijazz, blues, funk, R&B | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Art Ensemble of Chicago, Paul Butterfield Blues Band | ||
Verka som | Musikar |
Seinare skipa Wilson, i lag med Gene Dinwiddie og Buzz Feiten, som òg hadde vore medlem av Butterfield Blues Band, jazzrockbandet Full Moon tidleg i 1970-åra. Han spelte òg inn musikk med The Last Poets, Olu Dara, David Murray, Anthony Braxton og Lester Bowie.[1]
Wilson var framleis aktiv musikar då han vart myrda i New York City den 25. mars 1992 av Marvin Slater. Slater vart dømd i 1997 til 33 år i fengsel.[2]
Diskografi
endreSom leiar
endre- 1978: Fruits - Live at the Northsea-Festival in Den Haag, 14. juli 1978, med Leo Smith og Johnny Dyani.
- 1978: Duet (Improvising Artists, med Bowie)
- 1978: Live at Moers Festival
- 1979: Esoteric (Hat Hut)
Som gruppemedlem
endre- 1972: 'Full Moon' (album & namn), med Buzz Feiten (gitar), Neil Larsen (klaverinstrument), Freddie Beckmeier (bass) og Gene Dinwiddie (tenorsaksofon). Andre musikarar som medverka på albumet var Randy Brecker, Airto Moreira, Ray Barretto, Dave Holland og songarane Robin Clark og Tasha Thomas.
- 1985: Down by Law av Deadline.
Som gjestemusikar
endreMed Lester Bowie
- African Children (Horo, 1978)
- I Only Have Eyes for You (ECM, 1985)
- Avant Pop (ECM, 1986)
- Twilight Dreams (Venture, 1987)
- The Organizer (DIW, 1991)
- Funky T. Cool T. (DIW, 1991)
Med Anthony Braxton
- Town Hall 1972 (Trio, 1972)
- Creative Orchestra Music 1976 (Arista, 1976)
Med Paul Butterfield
- The Resurrection of Pigboy Crabshaw (1967)
- In My Own Dream (1968)
- Keep on Moving (1969)
- Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More (1970)
Med Julius Hemphill
- Dogon A. D. (Freedom, 1972)
- Coon Bid'ness (Freedom, 1975)
Med Sam Lazar
- Playback (Argo, 1962)
Med Roscoe Mitchell
- Old/Quartet (Nessa, 1967)
Med David Murray
- Low Class Conspiracy (Adelphi, 1976)
- Flowers for Albert: The Complete Concert (India Navigation, 1975)
- Live at the Lower Manhattan Ocean Club (India Navigation, 1977)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phillip Wilson» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: