Pholourie (uttale), også skrive phulourie eller phoulourie, er ein type gatemat som er vanleg i Trinidad og Tobago og også kjent i Guyana og Suriname. Retten består av frityrsteikte bollar laga av ei krydra røre, med chutney til.

Pholourie med tre chutneyar; mango, kokos og tamarind.

Røra er laga av kveitemjøl, eventuelt malne splitterter eller ertemjøl, vatn og krydder. Krydringa er gjordt med ymse kombinasjonar av mellom anna kvitløk, chili, gurkemeie, safran, løk og spisskarve. Bollane vert laga til i storleik som bordtennisballar og frityrsteikte i olje. Dei vert serverte nysteikte og varme, med ein chutney til å dyppe dei i. Tamarindchutney og mangochutney er vanleg, men yoghurt kan også brukast som dip.

Retten kom til Trinidad og Tobago og Guyana med innvandrarar med opphav i India.[1][2] Dei vart sende dit av britane som del av «kontraktsteneste-systemet» (indenture) etter at slaveriet vart forbode på 1800-talet. Dei tok med seg matskikkane heimefrå og tilpassa dei til dei lokale råvarene.[3] Det er tradisjon å ete pholourie under holifestivalen.[4] Namnet pholourie kjem truleg frå fuluri, ein rett frå den bengalske mattradisjonen som liknar den indiske retten pakora.

Pholourie er kjend frå songen «Pholourie Bina Chutney» av Sundar Popo, rekna som opphavsmannen til såkalla «chutney music».

Referansar endre

  1. Phulourie receipe, arkivert frå originalen 3. mai 2018, henta 9. oktober 2018 
  2. Indian Arrival Day, arkivert frå originalen 27. april 2015, henta 9. oktober 2018 
  3. Historic retrospect on Fiery-Foods.com, arkivert frå originalen 27. april 2015, henta 9. oktober 2018 
  4. Nelson, Cynthia (2011). Tastes Like Home. Kingston/Miami: Ian Randle Books. s. 258. ISBN 978-976-637-519-5. 

Bakgrunnsstoff endre