Phong Nha-Ke Bang

Phong Nha-Ke Bang (vietnamesisk Vườn quốc gia Phong Nha-Kẻ Bàng) er ein nasjonalpark i Vietnam. Parken vernar ein av dei to største karstregionane i verda med ei rekkje grotter. I 2003 vart han ført opp på UNESCO si verdsarvliste.

Phong Nha-Kẻ Bàng
Tien Son-hola
Phong Nha-hola

Området inneheld mange holer og grotter, men berre 20 av 70 km av dei er kartlagt enno av vietnamesiske og britiske vitskapsfolk. Av desse er 17 i Phong Nha-området og tre i Kẻ Bàng-området.

Parken har teke namnet sitt frå Phong Nha-hola, den vakraste av alle holene med sine mange fascinerande bergformasjonar, og Kẻ Bàng-skogen.[1]

Platået er truleg eit av dei beste og mest karakteristiske eksempla på komplekse karst-landskap i Søraust-Asia.[2]

Fotnotar endre

  Denne geografiartikkelen som har med Vietnam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.