Piast-dynastiet var eit polsk dynasti[1] som styrte Polen som ein sjølvstendig stat frå 900-talet til 1370. Greiner av Piast-familien heldt fram som herskarar av små hertugdøme i Masovia fram til 1526 og Schlesien fram til 1675.

Piast Kołodziej var den legendariske grunnleggjaren av Piast-dynastiet. Han vart først nemnd i Cronicae et gesta ducum sive principum Polonorum av Gallus Anonymus, skrive om lag 1113. Sjølv om dei tidlege hertugane og kongane rekna seg som etterkommarar av Piast, vart Piast-dynastiet først funne opp på 1600-talet av historikarar, som skreiv for fleire herskarar som styrte hertugdøma i Schlesien. Det siste medlemet av Piast-familien, Georg Vilhelm, hertug av Brzeg og Legnica, døydde i 1675, sjølv om fleire familiar var i slekt med Piastane. Sonen hans August Freiherr von Liegnitz (1628) og Graf von Liegnitz (1664), den siste ektefødte mannen, døydde i 1679 og den siste mannen gjennom ei linje fødd utanfor ekteskap var Ferdinand Freiherr von und zu Hohenstein frå hertugane av Teschen døydde i 1725.

Piastkongane og herskarane av Polen står oppført i lista under:

Namn Regjerte
Chościsko (legendarisk) 700-800-talet
Piast Kołodziej (legendarisk) 700-800-talet
Siemowit/Ziemowit 800-900-talet
Lestko/Leszek 800-900-talet
Siemomysł/Ziemomysł 800-900-talet
Mieszko I, første herskar 960-992
Bolesław I av Polen (den modige) 992-1025
Mieszko II Lambert 1025-1034
Bezprym 1031
Kasimir I Fornyaren 1034-1058
Bolesław II den dristige 1058-1079
Ladislaus Herman av Polen 1079-1102
Zbigniew and Bolesław III av Polen (den skeivmunna) 1102-1107
Bolesław III av Polen den skeivmunna 1107-1138
Ladislaus den landflyktige 1138-1146
Bolesław den krøllete 1146-1173
Mieszko den gamle 1173-1177
Kasimir den rettferdige 1177-1194
Leszek den kvite og Ladislaus Pipestilk 1194-1202
Ladislaus Pipestilk 1202
Leszek den kvite 1202-1210
Mieszko IV den kryssbeinte 1210-1211
Leszek den kvite 1211-1227
Ladislaus Pipestilk 1228
Konrad av Masovia 1229-1232
Henrik den skjeggete 1232-1238
Henrik den fromme 1238-1241
Konrad av Masovia 1241-1243
Bolesław den blyge 1243-1279
Leszek den svarte 1279-1288
Henrik IV Probus 1288-1290
Przemysl II 1290-1291
Ladislaus den korte 1306-1333
Kasimir den store 1333-1370

Kjelder endre

  1. Encyklopedia Powszechna PWN Warsaw 1975 vol. III s. 505