Spettefuglar

fugleorden
(Omdirigert frå Piciformes)
Spettefuglar
Rødbuktukan Ramphastos dicolorus (Foto: Dario Sanches)
Rødbuktukan Ramphastos dicolorus
(Foto: Dario Sanches)
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Meyer & Wolf, 1810

Spettefuglar, Piciformes, er ein biologisk orden av små til mellomstore fuglar som hovudsakleg har leveområde i skog. Den mest kjente av desse er spettefamilien som inkluderer hakkespettar og nære slektningar. Piciformes inneheld nærare 360 artar i om lag 50 slekter i sju familiar, kor spettefamilien samlar over halvparten av artane.[1]

I hovudregelen er Piciformes insektetarar, med unnatak for skjeggfuglar og tukanar som et frukt for det meste, og voksetarar som er heilt unike blant fuglar fordi dei er i stand til å fordøye bivoks, sjølv om hovuddietten også hos voksetarar er insekt. Nesten alle Piciformes har papegøyeliknande zygotisk fot - to tær framover og to bakover, ei ordning som gjev openberre føremonar for fuglar som nyttar mykje tid på trestammar. Eit unnatak er nokre få artar av tretåa hakkespettar. Fuglane i Piciformes har ikkje dun nokon gong, berre ekte fjør. Dei varierer i storleik frå malaypikulett på 8 centimeter i lengd, og vekt på 7 gram, til gulnebbtukan på 61 cm og 500 gram. Alle hekkar i holrom og får ungar som er lite utvikla ved klekking.

Systematikk endre

Jakamarar og dovenfuglar er sett inn i sin eigen distinkte orden Galbuliformes,[1] men mange handsamar dei to familiane som ein underorden av Piciformes, og likestilla med underordenen Pica som samlar skjeggfuglar, tukanar, voksetarar og spettefamilien. Tidlegare var det dessutan semje om å handsame alle skjeggfuglar som ein familie.[2] Men dette viste seg å vere parafyletisk med omsyn til tukanane. Derfor har autoritetar i systematikk skilt ut dei asiatiske skjeggfuglane til ein ny familie Megalaimidae og dei afrikanske til Lybiidae.

Familiar av spettefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. september 2012 
  2. LL Short, JFM Horne (2002). «Jamacars to Woodpeckers». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7.