Pictures of Lily
Singel av The Who
B-side

«Doctor, Doctor»

Språk engelsk
Utgjeve 22. april 1967 (Storbritannia)
24. juni 1967 (USA)
Innspelt 5. april 1967
Studio IBC Studios, London, UK
Sjanger Power pop[1]
Lengd 2:44
Selskap Track
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi 
«Happy Jack»
(1966)
Pictures of Lily «The Last Time»
(1967)


«Pictures of Lily» er ein song av det britiske rockebandet The Who gjeven ut som singel i 1967. Songen nådde fjerdeplassen i Storbritannia, men klarte ikkje å nå Topp 50 i USA.

Songen er skriven av Pete Townshend. Townshend omtalte songen som «power pop» då han skildra songen i eit intervju med NME i mai 1967. Dette var første gongen dette omgrepet vart brukt.[2]

I starten av songen klagar songaren på søvnløyse: Når faren hans gjev han bilete av Lily føler han seg betre og klarer å sovne. Etter kvart får han kjensler for Lily og ber faren om å introdusere han for kvinna. Faren fortel derimot at Lily har vore død sidan 1929. I starten sørgjer songaren over dette før han går tilbake til fantasien sin.

I følgje Pete Townshend i boka Lyrics av Rikky Rooksby fekk han inspirasjon til songen av eit bilete kjærasten hans hadde på veggen sin av den gamle varietéstjerna Lily Bayliss. Biletet var på eit gamalt postkort frå 1920-åra og nokon hadde skrive på baksida «Her er eit anna bilete av Lily - håpar du ikkje har dette». Mark Wilkerson har sitert Townshend på at songen omhandlar masturbasjon og kor viktig dette er for ein ung mann.[3] Songen nemner derimot ikkje masturbasjon, og det er opp til lyttaren å gjette seg fram til dette.

Andre versjonar endre

Songen har vorte spelt av David Bowie, samt det argentinske punkbandet Attaque 77spansk.

Kjelder endre

  1. Unterberger, Richie. «Pictures of Lily – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 7. august 2016. 
  2. Altham, Keith. «Lily Isn't Pornographic, Say Who». NME (20. mai 1967). 
  3. Mark Wilkerson, (2006), Amazing Journey: The Life of Pete Townshend, ISBN 1-4116-7700-5, ISBN 978-1-4116-7700-5