Pierre Michon

fransk skribent

Pierre Michon (fødd 28. mars 1945 i Châtelus-le-Marcheix i departementet Creuse) er ein fransk skjønnlitterær forfattar. Han er rekna som ein av dei viktige fornyarane av fransk prosakunst ved at romanane hans kan karakteriserast som ein slags prosadikt. Verka hans er omsett til mange språk, og han har motteke fleire litterære prisar. I 2009 fekk han frå Académie française den litterære prisen Grand prix du roman de l'Académie française for boka Les Onze.

Pierre Michon

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 28. mars 1945 (78 år)
Châtelus-le-Marcheix
Yrke skribent
Språk fransk
Ektefelle Yaël Pachet
Pierre Michon på Commons

Pierre Michon debuterte som trettisjuåring med boka Vies minuscules, som i eit poetisk språk skildrar og kommenterer livet til personar frå heimtraktene hans i Creuse i ei form som kan sjåast på som ein slags sjølvbiografi[1]. For denne boka vart han honorert med Prix France Culture 1984, ein litteraturpris som vart skipa i 1979 av radiokanalen France Culture.

Bibliografi endre

Fotnotar endre

  1. Vie minuscules er omsett til bokmål av Thomas Lundbo med tittelen Ørsmå liv, Solum Forlag, Oslo 2010, ISBN 978-82-560-1657-0

Bakgrunnsstoff endre