Pierre Moerlen
Pierre Moerlen (23. oktober 1952–3. mai 2005) var ein fransk trommeslagar og perkusjonist, mest kjend for arbeidet sitt med Gong og Mike Oldfield, i tillegg til Pierre Moerlen's Gong.
Pierre Moerlen | |||
Fødd | 23. oktober 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Colmar | ||
Død | 3. mai 2005 (52 år) | ||
Dødsstad | Colmar | ||
Fødenamn | Pierre Jean Moerlen | ||
Opphav | Frankrike | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | komponist, jazzmusikar, perkusjonist |
Biografi
endrePierre Moerlen vart fødd i Colmar (Haut-Rhin) den 23. oktober 1952, som det tredje av fem barn. Faren var organist og mora var musikklærar. Alle fem syskena lærte musikk med foreldra og vart musikarar. Den yngre broren til Pierre, Benoît Moerlen, er òg perkusjonist og har òg arbeidd med Gong og Mike Oldfield).
Pierre reiste til Strasbourg for å lære perkusjon hos Jean Batigne, som skipa Les Percussions de Strasbourg. Han var òg medlem av to jazzrokband, mellom anna Hasm Congélateur (med den framtidige Magma-gitaristen Gabriel Federow).
I januar 1973 vart Moerlen med i Daevid Allen sitt Gong, og debuterte på albumet Angel's Egg (1973). I juni 1973 vart han spurt av sjefen i Virgin Records, Richard Branson om å spele perkusjon med Mike Oldfield for premieren av Tubular Bells (1973), og erstatta Robert Wyatt. Steve Hillage, gitarist i Gong, tok òg del. Mellom 1975 og 1987, frå og med Ommadawn (1975), spelte Moerlen perkusjon for Oldfield.
Moerlen slutta og kom attende til Gong fleire gonger for å turnere med Les Percussions de Strasbourg, og sjølv om han spelte inn You (1974) med gong slutta han like før turneen for albumet byrja.
Sommaren 1975, då Daevid Allen hadde slutta, vart han spurt å kome attende å leie bandet i lag med Didier Malherbe og Steve Hillage, som sjølv slutta kort tid etter og berre var med på eit par spor på det neste albumet Shamal (1976). Ei rekkje bessetningsendringar førte til Gazeuse! (1976) med Allan Holdsworth på gitar, før Malherbe slutta, og Moerlen vart den einaste som var attende frå den «klassiske» Gong-besetninga. Han brukte namnet på det neste albumet Expresso II (1978), men for å unngå forveksling med bandet sine konsertar vart dei ofte annonserte som Gong-Expresso. Sidan dette framleis ikkje var tydeleg nok, vart namnet Pierre Moerlen's Gong (PMG) nytta frå 1978. På dette tidspunktet spelte bandet jazzfusion og ikkje lenger Canterbury scene-påverka psykedelia. PMG gav ut Downwind (1979), Time is the Key (1979), Pierre Moerlen's Gong Live (1980) og Leave It Open (1980). I denne perioden turnerte Moerlen òg mykje med Mike Oldfield.
PMG gav seg i 1981. Seinare det året vart Moerlen ei kort stund med i Magma som trommeslagar nummer to. Etter 10-årsjubileumsturneen til Mike Oldfield i 1983, vart han med i det svenske progressive og symfoniske bandet Tribute (1985–87).
PMG kom saman att for to album og turnear seint i 1980-åra. Etter fleire år som musikar i orkestergrava på ymse musikalar, kom Moerlen attende i aktiv teneste i 1997, då han vart med den britiske jazzrockgruppa Brand X for ein internasjonal turné. Seinare det året vart han spurt om å bli med i Gong att og turnnerte med bandet til 1999. Han sete så saman ei ny besetning PMG. Dei gav ut konsertalbumet Pentanine (2004), spelt inn i Moskva i 2002.
Pierre Moerlen døydde brått 3. mai 2005, berre 52 år gammal, av naturlege årsaker.
Diskografi
endreMed Gong
endre- 1973: Angel's Egg
- 1974: You
- 1976: Shamal
- 1977: Gong est Mort, Vive Gong (fransk konsertalbum)
- 1977: Gong Live Etc (britisk konsertalbum)
Med Pierre Moerlen's Gong
endre- 1976: Gazeuse! (Expresso i Nord-Amerika) (gjeve ut som Gong)
- 1978: Expresso II (gjeve ut som Gong)
- 1979: Downwind
- 1979: Time is the Key
- 1980: Pierre Moerlen's Gong Live
- 1981: Leave It Open
- 1986: Breakthrough
- 1988: Second Wind
- 1998: Full Circle Live '88
- 2004: Pentanine
Med Mike Oldfield
endre- 1975: Ommadawn
- 1978: Incantations
- 1979: Exposed
- 1979: Platinum
- 1983: Crises
- 1985: The Complete Mike Oldfield
- 1987: Islands
Med andre
endre- 1975: Steve Hillage – Fish Rising
- 1975: Slapp Happy – Desperate Straights
- 1977: Pekka Pohjola – Mathematician's Air Display
- 1979: Mick Taylor – Mick Taylor
- 1980: Sally Oldfield – Celebration
- 1982: Philip Lynott – The Philip Lynott Album
- 1983: Sally Oldfield – Strange Day in Berlin
- 1983: Jean-Yves Lievaux – Transformances
- 1988: Biréli Lagrène – Inferno
- 1995: Project Lo – Dabblings in the Darkness
- 1995: Tribute – Breaking Barriers
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pierre Moerlen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Pierre Moerlen-biografi på Calyx