Pigghudingar

rekkje av deuterostome dyr
Pigghudingar
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Bruguière, 1791

Pigghudingane, eller Echinodermane, består av 7000 artar sjøstjerne, slangestjerne, kråkebolle, sjøpiggsvin og sjølilje. Ho er den største eksklusivt marine rekka i dyreriket; ingen artar her er å finna i ferskvatn eller på landjorda.

Sjøstjerne

Oppbygnad endre

Ved første augnekast kan pigghudingane verke som særs primitive livsformer: Dei har særs avgrensa rørsle, dei har ingen bilateralsymmetri og dei manglar ein hjerne i ordets rette forstand. Dette er berre ved første augnekast – dei pentaradialt symmetriske (symmetriske om fem ulike radia) echinodermane me ser i dag stammar faktisk sannsynlegvis frå bilateralsymmetriske stamfedrar. Dette ser me m.a. av korleis den embryonale utviklinga går for seg: pigghudinglarvar er bilaterale og liknar til forveksling på vertebratzygotar.

Kroppsstrukturen til dei vaksne er ei tilpassing til eit stillesitjande eller saktegåande liv. Der er radialsymmetri ein fordel, sidan ei slik organisering av organismen gjer det lettare å syta for nokolunde lik distribuering av kroppsstrukturar. Bilaterasymmetrien på larvestadiet gjer det lettare for det meir aktive livet larvane fører – desse sym med flimmerhår og er langt meir aktive enn sine kjønnsmogne artsfrendar.

Til bruk i rørsle, næringsopptak- og distribusjon, ekskresjon og gassveksling har pigghudingane eit hydraulisk system me kallar vassvaskulærsystemet. Dette er eit slags hydrostatisk skjelett – eit sett væskefylde kanalar med muskulatur rundt, til hjelp ved rørsle. Hjå echinodermane er dette vorte ytterlegare avansert med evolusjonen av tubeføter – hundrevis av små utvidingar av kanalsystemet, som brukast til å gå over havbotnen, festa seg til overflater og å frakta mat til munnen. I tillegg har dei ei gassvekslingsfunksjon. Sjøstjerner pustar ikkje berre med tubeføtene. Dei har òg papulae, tynne hudfaldar i kroppsveggen som står mellom skjelettplatene.

Skjelettplatene til pigghudingane vert òg kalla ossiclar, og er kalkplater som veks på utsida av kroppen. Dette er mesodermalt vev; det vil seie vev som er danna av det mesoderme vevlaget i embryo.

Bakgrunnsstoff endre