Pipilotti Rist

sveitsisk kunstnar

Pipilotti Rist (fødd 21. juni 1962 som Elisabeth Charlotte Rist) er ein sveitsisk videokunstnar.

Pipilotti Rist

Fødenamn Elisabeth Charlotte Rist
Statsborgarskap Sveits
Fødd 21. juni 1962 (62 år)
Grabs
Yrke fotograf, filmregissør, manusforfattar, filmfotograf, videokunstner, video-installasjonskunstner, TV-produsent, multimediakunstner, installasjonskunstnar, bilethoggar, biletkunstnar
Sjanger installasjonskunst
Pipilotti Rist på Commons

Rist er frå Grabs i Sveits. Ho utdanna seg i Wien og Basel, og bur og arbeider i Zürich og Neuchâtel.

Ho arbeider hovudsakleg med videoinstallasjonar som speler på teknologi, språk, musikk og rørsle. Dei todimensjonale installasjonane hennar framstår som videoskjermar montert på veggen. I dei tredimensjonale er videoen ein del av eit større heile. Karakteristisk for videoane til Rist er at dei refererer til ulike sjangerar som dokumentar, pseudo-dokumentar, fiksjon og pop-videoar. Inspirasjonskjeldene hennar er oftast erfaringar frå dagleglivet og populærkulturen.

Nokre av hennar best kjende verk er Sip My Ocean (1996), Ever is Over All (1997), Homo Sapiens Sapiens (2005) og Gravity, Be My Friend (2007).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pipilotti Rist