Pistoia

kommune i Italia

Pistoia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pistoia i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km vest og nord for Firenze.

Pistoia
Horisonten til Pistoia
Horisonten til Pistoia
Plassering
Pistoia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Pistoia
Borgarmeister Renzo Berti
Geografi
Flatevidd
 - By

236 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

92 267
  391/km²
Koordinatar 43°56′″N 10°55′″EKoordinatar: 43°56′″N 10°55′″E
Høgd over havet 65 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 51100
Telefon-retningsnummer 0573
Nettstad: www.comune.pistoia.it

Historie endre

 
Hertugpalasset i Pistoia

Pistoria (stundom òg Pistorium eller Pistoriaelatin) var eit senter for dei gallarar, ligurarar og etruskarar før han vart ein romersk koloni på 500-talet fvt., langs den viktige vegen Via Cassia. I 62 fvt. vart demagogen Catiline og tilhengarane hans slakta i nærleiken. Frå 400-talet vart byen eit bispesete og under langobardane vart han ein kongeleg by med fleire privilegium. Gullalderen til Pistoia starta i 1177 vart staden erklært ein fri kommune og dei neste åra vart han eit viktig politisk senter, det vat reist bymurawr og fleire offentlege og religøse bygg.

I 1254 mista ghibellinarane i Pistoia makta til guelfarane i Firenze. Pistoia vart verande under Firenze bortsett frå ein kort periode på 1300-talet då Castruccio Castracani erobra han for Lucca. Han vart offisielt annektert til Firenze i 1530. På 1300-talet var Ormanno Tedici ein av herrane i byen.

I 1786 vart eit kjent jansenisme-råd halde i Pistoia.

Dante nemnde byen i Divina Commedia som heimstaden til Vanni Fucci, som ein møter i Inferno samanfiltra i ein knute av slangar med han forbanner Gud.

Pistoia har gjeve namn til pistolen[1], som vart produsert her på 1500-talet. I dag er han derimot mest kjend for dei mange hagane som ligg rundt byen og blomstermarknaden.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pistoia