Planetarisk tåke

(Omdirigert frå Planetariske tåker)

Planetariske tåker er emisjonståker som blir danna når stjerner med nokre solmassar kastar av seg dei ytre laga av plasma medan dei døyr. Atoma i tåka blir ioniserte av den sterke strålinga frå stjerna i midten som er ein kvit dverg. Når iona tek opp att elektron blir det sendt ut lys som resulterer i den synlege tåka.[1]

Eskimotåka (NGC 2392), ei planetarisk tåka.

Planetariske tåker ekspanderer medan den sentrale stjerna blir svakare og er difor kortvarige; ein reknar med at levetida kan målast i titusenar av år. [1]

Namnet kjem av at mange planetariske tåker kunne sjå ut som planetar i teleskopa1700-talet.[1]

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Planetarisk tåke

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Planetary nebula», artikkel i Philip's Astronomy Encyclopedia s. 310-311