Planteetarar (latin herbivor) er predatorar som lever av autotrofe organismar, hovudsakleg plantar, alger og bakterier med fotosyntese. Ut frå denne definisjonen kan både dyr, sopp, protistar og somme parasittiske plantar reknast som planteetarar. Vanlegvis vert ordet mest brukt om dyr som lever av plantemateriale, medan sopp og protistar vert omtalt som plante-patogenar.

Hjort som et frå greinar.

Koevolusjon

endre

For å redusera skaden planteetarane gjer, har dei fleste plantar utvikla ymse mekaniske og kjemiske tilpasningar. Desse kan omfatta mellom anna mekaniske forsvarsstrukturar som piggar, tornar og nåler, oppbygnad av komplekse polymerar som gjer det vanskeleg å fordøya planten og produksjon av toksinar som drep eller skremmer vekk planteetarar. Somme forsvarsstrukturar er alltid til stades i planten, andre vert iverksett i samband med skade eller stress.

Somme plantar har òg utvikla trekk som aukar sjansen for å trekka til seg planteetarane sine naturlege fiendar. Dette kan skje ved at dei skil ut semiokjemikaliar (luktar som trekker til seg desse dyra) og/eller forsyner kjøtetarane med mat og/eller husly.

Som regel har plantar fleire slag forsvarsmekanismar.

Sidan planteetarar er avhengige av å eta plantar, har det utvikla seg ei rekkje tilpassingar til desse forsvarsstrukturane. Kveg har til dømes særs omfattande fordøyingssystem for å kunne bryta ned næringsstoff i gras. Når to artar utviklar seg slik i høve til kvarandre, kallar me det koevolusjon.