40°02′N 06°06′W / 40.033°N 6.100°W / 40.033; -6.100

Plasencia
by
Land  Spania
Region Extremadura
Fylke Cáceres-provinsen
Del av Red de Juderías de España
Høgd 415 m
Areal 218 km²
Folketal 39 412 (2023)
Kart
Plasencia
40°01′39″N 6°05′27″W / 40.0275°N 6.0908333333333°W / 40.0275; -6.0908333333333
Wikimedia Commons: Plasencia

Plasencia er ein by i Cáceres-provinsen i Extremadura vest i Spania. Han er ein gammal marknadsby med bymur. Folketalet i 2013 var 41 047.

Plascencia ligg ved Jerte-elva. Gamlekvarteret i byen stammar frå då byen låg på den gamle sølvvegen, Vía de la Plata, mellom nord og sør. Byen blei grunnlagd i 1186. Han blei gjeven offisiell status av Alfonso VIII av Castilla same år, og bispedømet Plasencia blei oppretta. Ti år etter grunnlegginga blei byen hærteken av dei marokkansk-berberske almohadane, men teken attende av styrkane til Alfonso VIII allereie same dagen.

Mot slutten av 1200-talet fekk byen eit fridomsbrev som lét kristne, muslimar og jødar bu saman i byen. Han fekk eit talrikt jødisk samfunn, det største i Extremadura på den tida, som hadde mykje økonomisk makt.

I 1442 skjenka kong Johan II av Castilla byen til adelshuset Zúñiga, og han tapte retten til å røysta i nasjonalforsamlinga. I 1446 blei det første universitetet i Extremadura skipa i Plasencia etter ønske frå biskopen.

I 1488 gjorde adelsmennene i byen opprør mot den nye hertugen, Ávaro de Zuñiga y Perez de Guzmán, for å få tilbake makta dei hadde hatt før huset Zúñiga tok over byen. Dei spanske herskarane Ferdinand og Isabella støtta dei, og opprøret lukkast. Ferdinand svor å forsvara og verna fridommen til byen til sin død. Kongen flytta hit i 1515 etter råd frå legane sine, som meinte det ville vera den mest helsebringande staden for han å bu. Han døydde året etter, i Madrigalejo, undervegs til Guadalupe.

Biskopen av Pedro Ponce de León, kjend som «den første læraren for døve», donerte ein stor del av boksamlinga si til El Escorial i 1573. Eit tiår seinare skipa ein annan biskop eit bibliotek med over 3 880 titlar i over 10/nbspø000 band.

I 1502 blei dei opphavlege 18 provinsane i Castilla skipa etter om dei hadde røysterett i nasjonalforsamlinga. Ingen byar i Extremadura hadde nokon slik rett, sidan dei fleste av dei tilhøyrde Salamanca. Innbyggjarane i Plasencia bestemte seg for å kjøpa retten dei tidlegare hadde hatt, og bad andre viktige byar om hjelp. Slik blei provinsen Extremadura grunnlagd.

Kjende folk frå Plasencia endre

Kjelder endre